Formannskapet i Herøy hadde på siste møtet besøk av seniorrådgjevar Håvard Moe frå KS-Konsulent. Moe var invitert for å leggje fram resultatet av den siste Kommunekompass-målinga, ei undersøking som fortel korleis kommunens forvaltningspraksis er bygd opp, forankra og etterlevd.

Manglar strategidokument

Moe hadde denne gongen gode nyhende for Herøy-politikarane då han kunne slå fast at kommunen har teke store steg samanlikna med målinga for to år sidan.

– I år har Herøy samla saman 435 poeng av 800 moglege, noko som er bra og godt over gjennomsnittet, sa Moe.

Moe, som også gjennomførte undersøkinga for to år sidan, rosa spesielt kor gode Herøy har blitt på lokaldemokrati. Faktisk er Herøy blant dei betre kommunane i landet her no, etter å ha skåra lågt ved førre måling.

– Det einaste som skil Herøy frå dei aller beste, som til dømes Vanylven, er at Herøy manglar eit strategidokument, som fortel heilt enkelt korleis kommunen arbeider for innbyggjarane, informerte Moe.

– Treng ikkje eit dokument

Fleire av medlemmane i formannskapet var kritiske til at eit dokument skal ha so mykje å seie for resultatet.

– Vi gjer det vi skal sjølv om vi ikkje har eit dokument. Det at vi får inn mange forslag i forslagskassa vår viser det, sa Camilla Storøy (KrF).

Per Kristian Furø (Ap) var kritisk til heile Kommunekompasset.

– Eg har ikkje sett store endringar siste to åra. Og innbyggjarundersøkinga i 2016 viste at vi ikkje er gode på å informere innbyggjarane, meinte Furø, og ville vite korleis kommunen kan ha utvikla seg so mykje dei siste åra.

– Der Herøy i 2016 stod fram som ustrukturert, er kommunen no blitt ein strukturert organisasjon, svarte Moe.

– Laga serviceplakat

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad meinte at noko av grunnen til forbetringa var at det blei laga ein serviceplakat i etterkant av innbyggjarundersøkinga.

– Vi laga serviceplakaten for å følgje opp innbyggjarundersøkinga og gi innbyggjarane ei kjensle av at vi er der for dei, sa rådmannen.

– Treng gode plasseringar

Politikarane diskuterte også korleis vegen vidare blir, og spesielt Olaug Andreassen (Ap) var ivrig.

– Skal vi jobbe for å skåre betre? Vi har ofte kome lågt i undersøkingar i det siste, og treng gode plasseringar. Det er alltid gøy å vite at vi er gode på noko, sa Andreassen.

Rådmann Kopperstad meinte at fleire av tiltaka ikkje er spesielt krevjande.

– Mykje av det som står på lista til Kommunekompasset kan gjerast på to år og krev lite. Vi må finne ut kva som er viktig for oss, meinte Kopperstad.

Olaug Andreassen (Ap) meinte at ein må tenkje langsiktig.

– Det kan bli mange tiltak, eg synest difor at vi skal ha ein langtidsstrategi, sa ho.