– På forsøk nummer tre lukkast dei. I natt kom familien til Tesfamariam på Larsnes seg trygt over grensa frå Eritrea til Etiopia. Ingen politi arresterte dei på eritreisk side og ingen militære stoppa dei på etiopisk side, skreiv Haanes.

Det er ikkje meir enn 3,5 veker sidan Tesfamariam si kone, Eritrea (45), dottera, Finot (4) og sønene, Erdi (18) og Simon (16), slapp ut av det eritreiske fengselet/fangeleiren Adi Abieto. Lulia (14), Mussie (10) og Temsemgem (8) vart slopne tidlegare i sommar.

Kan ha redda liv

Lauslatingane var eit resultat av massiv økonomisk støtte frå hjelpande hender i Noreg, etter at Kjetil Haanes og Elin Rekdal Skogstad informerte om situasjonen og starta ein innsamlingsaksjon på Facebook.

Over 400 personar bidrog med pengar under aksjonen.

– Dette var utruleg gledeleg, og der er store sjansar for at ein her har vore med å redde liv, spesielt sidan vi veit at fleire har døydd i Adi Abeto i løpet av dei siste månadene, seier Haanes.

– Litt overraskande

Etter at heile familien var ute av fengselet, reiste dei tilbake til garden dei opphavleg kom frå for å hente krefter.

– Planen var å vente i 2–3 månadar før dei prøvde å flykte på nytt, men plutseleg heiv dei seg rundt, seier Haanes.

Aksjonsgruppa trudde at dei kunne måtte kome til å hjelpe familien med å kome seg over grensa til Etiopia, men det klarte dei på eiga hand.

– Det er ein fysisk tøff og farefull tur, og det er rett og slett imponerande av ei mor med seks barn å klare dette, seier Haanes.

Familien skal ha gått heile vegen, gjennom ein lang skog og over eit fjell – ein mars på 2–3 dagar.

– Det var litt overraskande og veldig gledeleg å få meldinga om at dei er komne til Etiopia, seier Haanes.

Aksjonen er avslutta

Målet med innsamlingsaksjonen var å få familien ut av fengselet, noko ein har lukkast med, trass i at det lenge såg mørkt ut.

– Samstundes er det trist å tenkje på alle dei andre familiane som sit att i fengselet. Men vi kryssar fingrar for at dei små teikn til forbetring vi no ser i forholdet mellom Etiopia og Eritrea også vil gjere situasjonen lettare for dei som sit att i Adi Abieto og andre eritreiske fengsel/fangeleirar, seier Haanes.

No er det opp til familien å kome seg til den norske ambassaden i Addis Abeba, der stafettpinnen med å få dei til Larsnes, vert teken over av dei formelt rette kanalane. Det er om lag 120 mil frå Asmara, som dei kom frå i Eritrea, til hovudstaden i Etiopia. Familien må gå strekninga til fots, og Tesfamariam trur dei vil vere framme ved ambassaden om cirka tre veker.

Tes­fa­ma­ri­am er luk­ke­leg over at fa­mi­lien har kome seg trygt over gren­sa til Eti­o­pia. Foto: privat