Fyrste omgang var Bergsøy ivrige i starten og tok leiinga tidleg. Denne held dei også ut omgangen utan store problem. Men det skal seiast at det var slurving i angrepsspelet og litt lite offensivt forsvarsspel frå heimelaget. Slik sett var det ikkje ein optimal fyrste omgang, men brukbar nok til at Bergsøy leia 18–14 til pause.

– Vi er litt overtent i fyrsteomgang og vil mykje meir enn det vi får til. Det blir litt hakkete.

Slik vurderer trenar, Thomas Buchardt, kampens fyrste omgang.

Hakkinga held fram

Og hakking blei det også i andre omgang. Bergsøy opna fint, men Stord svara med same mynt. Omgangen gjekk litt i rykk og napp og Buchardt sin tropp hadde grei kontroll. Heimelaget vann i sesongopninga, 34–30.

– Vi har grei kontroll på kampen, men vi har mykje å gå på. Vi spelar ikkje bra nok, men vi vinn kampen. Siger er det viktigaste og den kan ingen ta frå oss. Vi skal vere nøgde med det, konkluderer Buchardt, som hadde tru på at heimelaget gjennom heile kampen.

Fin kamp av Brekke og Buchardt

Om ein skal nemne ein spelar som utmerker seg, bør Daniel Brekke få litt skryt for godt spel. Det er også verdt å trekke fram spelaren som vart kåra til dagens beste for Bergsøy, Markus Buchardt.

Bortekampar neste

Den komande helga ventar to bortekampar for Bergsøy. Då reiser dei for å fyrst møte Nøtterøy 2 på laurdag og Tjølling på søndag.

– Vi har som sagt mykje å jobbe, med men vi skal vere klar.