Medlemmane av Herøy formannskap er framleis urolege for den økonomiske stoda i 2018, og diskuterte fleire ulike tiltak då dei var samla tysdag. Kjell Runde (Folkelista/Sp) såg særs alvorleg på situasjonen og foreslo å innføre innkjøpsstopp.

– Vi styrer mot eit underskot på 11 millionar kroner, det er alvorleg. Og vi kan ikkje berre rekne med at det ordnar seg ved slutten av året. Kanskje må vi difor innføre eit innkjøpsstopp for å redde stumpane, sa Runde.

Runde var elles ikkje åleine om å uttrykke ei sterk bekymring.

– Vi treng informasjon om kva som skjer i sektorane. Vi er i september no, og må vite om toget er i ferd med å snu, eller om det heile forverrar seg, meinte Tine Storøy (Høgre).

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad kunne opplyse at dei ikkje har eit konkret svar på noverande tidspunkt, men at økonomileiaren skal til på sin rapport per 30.09.

– Må sjå heilskapen

Per Kristian Furø (Ap) uttrykte bekymring for at politikarane kanskje må blande seg meir inn i det arbeidet som avdelingsleiarane gjer.

– Det er ikkje bra om vi må detaljstyre avdelingsleiarane, og det skal ikkje vere nødvendig at vi må spesifisere kvar dei skal spare pengar. Men kanskje må vi det for at dei skal klare å halde seg innanfor budsjett, sa Furø.

Partikollega Olaug Andreassen sa seg samd.

– Avdelingsleiarane må klare å sjå heilskapen innanfor si avdeling, meinte ho.

– Må minske gapet

Helse og omsorg er den sektoren der budsjettoverskridinga er størst. Kommunalsjef Renathe Rossi-Kaldhol måtte svare for seg i formannskapet.

– Vi ser ut til å bruke 11–12 millionar kroner mot eit budsjett på fire millionar, det er klart at det er alvorleg. Vi må jobbe for å minske det gapet, sa Rossi-Kaldhol.

Striks pengebruk

Etter ein lang diskusjon, der meiningane var mange, la ordføraren fram ei tilråding som til slutt blei vedteke med knappast mogleg fleirtal.

Tilrådinga seier at stillingar som kan haldast vakante skal haldast vakante. Det skal også vere ei streng prioritering ved kjøp av varer og tenester, samt ved tilsetjingar.