– Det er klart eg gler meg. Vestlandsnytt er mi lokalavis, og eg har lese ho nesten heile livet.Dette blir spennande, seier Driveklepp.

De har kanskje sett han i kassa på Kiwi Eggesbønes. Han har jobba der på og av mellom studiane dei siste åra. No fører elles den nye jobben til at Stian hoppar av eit masterstudium i Bergen.

– Det hadde eg ikkje gjort for kva som helst, smiler han.

Torvikar med mediekunnskap

Driveklepp er oppvaksen i Torvik. Då tida kom for å velje skule, bestemte herøyværingen seg for å gå ein teoretisk veg.Etter tre år på studiespesialisering i Ulsteinvik, hadde han ønskje om å utforske Bergen, og søkte seg derfor til medievitskapslinja der.

– Eg har alltid hatt lyst til å jobbe som journalist, men eg valt å studere medievitenskap, i håp om litt meir allsidig kunnskap, som kunne kvalifisere meg for fleire typar stillingar i mediebransjen, forklarar Stian.

Studietida i Bergen har ikkje berre bydd på teoretisk kunnskap. Driveklepp hadde lyst til å opparbeide seg praktisk erfaring, så han han engasjerte seg aktivt i Bergens Student-TV.

– Derifrå har eg naturlegvis fått ein del TV-erfaring, men eg har også fått skrive nokre artiklar. Elles er eg rimeleg fersk når det kjem til å skrive for avis, seier han, men legg til at han er opptatt av språk og formidling. Då han var yngre skreiv han mellom anna for fotball-nettstaden «norskefans.com».

Allsidig interessefelt

Sjølv om sport merkar seg ut som ein klar favoritt når det kjem til interessefelt, reknar Stian seg sjølv som ein allsidig person.

– Eg ser fram til å sette meg inn i lokalpolitikken og næringslivet i både Sande og Herøy, seier han.

Elles er Driveklepp open om at han har mykje å lære, både praktisk og kunnskapsmessig, men at han gler seg til å ta fatt på utfordringane.

Stian trur han har mykje å tilføre avisa.

– Eg har sjølvsagt eit mål om at Vestlandsnytt skal vere ei avis som kan engasjere og auke interessa rundt viktige samfunnstema. Min styrke trur eg blir at eg evnar å formidle bodskap på ein korrekt måte, forklarar han.

– Velkomen med på laget

Redaktør og dagleg leiar i Vestlandsnytt, Endre Vorren, har dette å seie om den nytilsette:

– Stian er ein triveleg kar som vi ynskjer velkomen med på laget. Han har eit variert interessefelt og kan skilte med mykje lokalkunnskap. For oss går han inn i rolla som ein «all round-journalist» som vil ta oppdrag både i Herøy og Sande.

Flatval skriv framleis

Vestlandsnytt-veteran Jann Flatval har starta på pensjonist-tilværet sin, men han har ikkje gitt seg heilt. Flatval vil framleis levere saker til oss når det let seg gjere.