160 kommunar og ti fylkeskommunar kan dele over 2,7 mrd. kr. Oversikta vart utsend måndag

Herøy får litt over 4,5 millionar kroner. Sande får ikkje ei krone, men det er planar om ei større etablering i regi av Marine Harvest i Sande neste år.

Vanylven tener godt på å vere ein stor oppdrettskommune, og får nærare 8 millionar på konto.

Dette får sunnmørskommunane: Vanylven 7,9 mill. kr, Herøy 4,5 mill, Ulstein 1,7 mill., Volda 9,0 mill., Ørsta 8,7 mill., Norddal 2,2 mill., Stranda 7,3 mill., Stordal 1,7 mill., Skodje 1,1 mill., Giske 6,2 mill. og Haram 7,9 mill. kr.

Pengane kjem etter regjeringa sitt salg av nye laksetillatelsar. Rundt 50 selskap kjøpte slike tillatelsar for om lag 3,9 milliardar kroner. 80 prosent av desse pengane går til laksekommunar og -fylkeskommunar gjennom Havbruksfondet.

– Utbetalinga er med på å synleggjere at oppdrettsnæringa gir noko tilbake til lokalsamfunna. Dette er pengar kommunane kan bruke på å utvikle tilbodet til innbyggarane sine innen kultur, helse, skole, idrett, infrastruktur eller andre område, seier Nesvik.

– Viktig for Norge

Havbruksfondet vart oppretta i 2016. Målet med fondet er å stimulere kommunane til å legge til rette for havbruksnæringa.

– Vi håpar fleire kommunar vil bidra til at laksenæringa kan vekse vidare. Det er viktig for Norge. Laksenæringa gir arbeidsplassar og aktivitet i heile landet, og bidreg til å finansiere velferden i framtida, seier Nesvik.

Regjeringa fekk i fjor på plass ei ny ordning som skal sørge for at veksten er føreseieleg og forsvarleg.

– Vi vil framleis stille strenge krav til plassering av oppdrettsanlegg, berekraft og fiskevelferd. I tillegg må vi ta vare på villaksen. Det er mange hensyn som skal takast, seier Nesvik.