Slik forklarar rådmann Olaus-Jon Kopperstad kvifor Herøy gav si stemme til Ulsteinvik for lokalisering av nytt felles kontorlokale for Søre Sunnmøre IKT, trass i at Hareid hadde det lågaste pristilbodet.

Valet har skapt mange protestar i det politiske miljøet i Hareid.

Etter det Vestlandsnytt kjenner til gjekk dei tilsette inn for Myrvåg, og Myrvåg var også dagleg leiar si innstilling til styret. Likevel blei det ikkje votert over Myrvåg-alternativet på styremøtet som blei halde i Volda sist fredag. Fleirtalet i styret heldt nemleg fast på at lokala til SSIKT skal ligge i eit kommunesenter.

Fleirtalet var også fast bestemt på at lokala skal vere kommunale eller kommunalt disponerte, og dermed blei også Fosnavåg-alternativet spela over sidelinja av fleirtalet i styret. Dette alternativet blei lansert av Kopperstad etter at han hadde henta inn tilbod på eit privateigd lokale i Fosnavåg sentrum.

– Her blei det drive eit politisk spel på høgt plan for å skvise ut Herøy, seier Kopperstad.

Kopperstad seier at sidan styret sette kriteriar som gjorde begge Herøy-alternativa uaktuelle, valde han å røyste for Ulsteinvik saman med Ulstein- rådmann Einar Vik Arset og rådmann Andreas Nørve i Vanylven.

Volda-rådmann Rune Sjurgard og Hareid-rådmann Ragnhild Velsvik Berge røysta for Hareid, medan Wenche Solheim gav si røyst til Ørsta.

Det var ingen som representerte Sande kommune under avrøystinga om SSIKT-lokaliseringa.