– Mykje spennande lesing har gått føre seg i mange av heimane i Herøy-samfunnet.

Det slår bibliotekleiaren ved Herøy folkebibliotek, Kristin F. Husøy, fast etter at resultata for årets sommarlesekampanje for grunnskulebarn, «Sommarles», er inne.

Vi møtte opp på biblioteket onsdag kveld for å ta del i den offisielle avslutninga for kampanjen. Det var ein bokfest, med forfattaren av Sommarles-forteljinga, Mari Moen Holsve.

Digitalt spel med forteljing

I år er heile kampanjen basert på eit dataspel og ei nettside. Barna som har deltatt med å lese bøker har fått premiar og høgare nivå ved å registrere kva og kor mykje dei har lese. Samtidig har dei fått tilgang til forteljinga til Holsve undervegs.

– Forteljinga i år har brakt Sommarles-maskotane Asbjørn og Astrid ut i verdsrommet, der dei har sett mange forskjellige, rare ting, og møtt verdskjende astronomar. Det vil seie at forteljinga også er forankra i verkeleg kunnskap, og ikkje berre rein fantasi, fortel Holsve, som elles har forfatta fleire av Sommarles-forteljingane tidlegare.

Både ho og Husøy seier dei er begeistra for at ei slik lesekampanje kan ta i bruk dataspel som eit verkemiddel for å motivere barna til å lese.

– Barna er digitale, og då må vi møte dei på deira arena. Ved å bruke dataspel trur eg vi klarer å skape rette assosiasjonar til lesing hos barna. Lesing skal vere forbunde med leik og fantasi, og ikkje nødvendigvis berre med lekser og skulearbeid, forklarar Holsve.

Husøy legg til at ho synest den interaktive biten, der ungar har delt med kvarandre kva dei har lest og anbefalt bøker til kvarandre, er fin.

Sjølv om arrangementet måtte konkurrere med NM-handballkampen som blei spelt i over-etasjen, var det mange barn som kom for å ete vaflar og høyre Holsve lese og fortelje om korleis det er å vere forfattar.

– Veldig kjekt

To jenter som deltok i årets kampanje var Ester Lovise (9) og Rikke (8).

– Eg synest det er veldig kjekt å lese, og det var spennande med den digitale forteljinga, fortel Ester Lovise, som ikkje er heilt sikker på kor mykje ho har lese i sommar. Men ho meiner sjølv ho har lest ein god del bøker.

Rikke er sikker i si sak.

– Eg har lest mykje. Eg kom meg faktisk heilt til level 29 og nesten til 30, smiler åtteåringen.

Dobla deltakartalet

Husøy kan, med glede, rapportere at dei, med årets kampanje, har dobla deltakartalet sidan førre gang dei hadde kampanjen i 2016. I alt skal 219 skulebarn i Herøy kommune ha meldt seg på, men talet på dei som faktisk las er litt mindre. Desto meir imponerande er det at barna til saman har lese 165.413 sider i 1876 bøker i løpet av sommaren.

– Dette er vi veldig fornøgde med. Det er litt lågare enn Ulsteinvik og Hareid, så der har vi også ei utfordring å prøve oss på til neste år, smiler Husøy.

Ho takkar elles for årets deltaking i sommarlesekampanjen og oppmodar barn til å halde fram med å lese sjølv om kampanjen er over for denne gong.

Bra resultat i Sande

Biblioteksjef Tom Bock i Sande er rimeleg bra nøgd med årets oppslutnad i Sommarles:

– Hadde vi hatt litt meir ressursar kunne vi ha fronta kampanjen langt betre. Men det var bra resultat her. 35 born deltok, og dei las til saman 32.095 sider. Ein av deltakarane las faktisk heile 56 bøker, seier Boch.

Han ser ikkje vekk ifrå at ein neste år får høve til å reise rundt til skulane for å marknadsføre Sommarles. I Sande fann ein ikkje rom for å gjennomføre ei eiga avslutting av kampanjen.