Sande har tradisjonelt og historisk sett, også i det vi kan kalle nyare tid, vore veldig mannsdominert innanfor lokalpolitikken. Her har ingen kvinner tidlegare vore ordførar eller varaordførar. Det har knappast nok vore kvinner med i formannskapet.

Lokalhistorikar (og politikar) Olav Myklebust har studert samansettinga av lokalpolitikken i Sande. Han kan fortelje:

Historisk

– Vert Beitveit valt, må vi rekne det som historisk. Med enkelte unntak har det nemleg vore få kvinner i Sande-politikken opp gjennom åra, og i alle fall øvst oppe, seier Myklebust.

Han fortel at Inga Rønneberg var ein pionèr. Enkefru Rønneberg, som eigde det meste av Larsnes, vart valt inn i kommunestyret (gamle Rovde herad) i 1929, og vart medlem av formannskapet i 1932.

I Sande var Hjørdis Baade og Petra Myklebust dei første kvinnene som vart innvalde i kommunestyret. Det skjedde i 1956. Første kvinne i formannskapet var Edna Tarberg, i 1968.

Seinare har det vore få kvinner i formannskapet: Reidun Sandanger (88-91), Jorunn Worren (95-99) og Gjertrud Vik (99-03). Desse var i formannskapet i endå nyare tid: Margrete Kvamme, Kristin Grande, Elisabeth Slettestøl og i dag nemnde Beitveit, saman med Ruth Anita H. Rekdal og Kari Grønnevik.

– Det er først siste to periodane kvinnene har fått rimeleg bra representasjon i kommunestyre og formannskap i Sande. Det har teke til å nærme seg 50/50-fordeling, og det er det mange som er glade for, seier Olav Myklebust.

Han legg til at det ved ein del høve har vore kvinner i sving som settevara- og ordførar på enkeltsaker.

Hide inn i formannskapet

Sidan utflytta Helge Støylen representerte Tverrpolitisk gruppe for Kvamsøya, Voksa og Sandsøya (Sande Vest) vil det kanskje vere nærliggande å tru at nokon frå Sande Vest erstattar han i formannskapet.

Men ettersom Sande Vest og Høgre hadde listesamarbeid ved samansettinga av utvala, er det ein høgremann som tek Støylen sin plass. Det er Arnfinn Hide (H).

På komande møte i kommunestyret vert det suppleringsval, der det ligg i korta at Anne-Marte S. Beitveit (Sande Vest) overtek som ny varaordførar fram til valet neste haust.

Andre rokeringar

Beitveit vert einaste medlem frå Sande Vest i formannskapet det komande året, men dei har Bjørn Flatøy som første varamann. Nyval blir det også i dei utvala og nemndene der Helge Støylen har site.

Kjerstin Sande (Sande Vest) rykkjer opp som fast møtande medlem i kommunestyret. Der har ho for så vidt også vore heile det siste året, sidan Liv Myskja har hatt permisjon frå politiske verv. Myskja er no tilbake, så Sande erstattar no Støylen i staden for Myskja.