Etter ein litt roleg start på kampen tok Bergsøy etter kvart over spelet, og storscorar Franjo Tepuric sørga med to raske scoringar for ei komfortabel leiing for heimelaget. Eit litt rysta Larsnes/Gursken fekk meir trøbbel då Craig Stuart Rogers auka leiinga til 3–0 etter eit godt organisert Bergsøy-angrep. Like etter fekk L/G straffespark etter ein omdiskutert situasjon og Martin Haanes var sikkerheita sjølv. Han reduserte til 3-1, som også var resultatet halvvegs.

Sjå kampen her:

– Sporstøl viser kva han kan

Etter pause kom Larsnes/Gursken ut i ny formasjon, og prøvde seg litt innleiingsvis, men utan at det gav teljande resultat for sandssokningane. I staden var det Bergsøy sin lovande angrepsspelar, Marius Sporstøl, som viste litt av sitt talent då han scora to flotte mål for heimelaget.

– Marius viser i dag litt av det han kan. Han er ein ung og særs talentfull spelar som har mykje i seg. Men han går på idrettslinja veit du, so det er avgrensa kor mykje eg kan presse ut av han, gliste Bergsøy-trenar Toni Sandanger.

På tampen av kampen fekk begge laga ei scoring til, slik at sluttresultatet blei 6–2 for hærøyværingane. For L/G var det Martin Haanes som putta sin andre, medan Thomas Sætre Hauge scora kampens siste. Sætre Hauge er elles nett tilbake i Bergsøy etter eit utlån hjå Gjerdsvika/LGFK2.

– Dei får måla for enkelt

Larsnes/Gursken sin spelande trenar Anders Vaagen visste på førehand at det ville bli ein særs tøff kamp, men lét seg irritere av forsvarsspelet dei viste i Fosnavågen.

– Vi gir dei måla. Dei får spele seg rett gjennom gong på gong. På den måten vinn vi aldri fotballkampar, sa ein skuffa Vaagen etter kampen.

Vaagen og L/G må no trene hardt i den komande veka, neste laurdag blir det ein ny tøff kamp for Sande-klubben når Aalesunds FK sine nest beste kjem på besøk.

– Det blir ein ny tøff kamp, akkurat som denne. Vi må stramme opp forsvaret, og slutte å gi vekk scoringar om vi vil ha poeng der.

– Ein enkel siger

Bergsøy-trenar Toni Sandanger meinte det blei ein enkel siger for hans lag denne fredagskvelden i Fosnavåg, og at dei fekk vist den kvalitetsforskjellen som faktisk er mellom laga.

– Vi har eigentleg kontroll heile kampen. Vi er ikkje på vårt beste vi heller, og det irriterer meg at vi slepp til to sopass enkle scoringar. Men vi tek sigeren og det er det viktigaste i dag, oppsummerte Bergsøy-sjefen etter kampen.

Bergsøy hadde ein heimedebutant i Sveinung Tilseth Sætreås i dette lokaloppgjeret, og han viste fram ein ballkontroll og eit talent som Bergsøy-patriotane nok lét seg begeistre ekstra av.

– Vi har ein ny spelar i Sveinung som gjer ein heilt fantastisk kamp for oss. Banens klart beste spelar, og ein som vil gi spelet vårt meir kvalitet i dei komande kampane, roste trenaren.

Og kvalitet treng Bergsøy i sin neste kamp når dei møter tabellnabo Emblem til det som er ein av dei tøffaste bortekampane komande fredag.

– Skal vi ha poeng mot Emblem må vi vere betre enn i dag, for i den kampen blir Emblem klar favoritt. Lykka er at vi får tilbake ein del spelarar som ikkje var med i dag, sjølv om dei unge som slapp til i dag viste at framtida er lys, seier Sandanger.