Eg kan framleis fornemme lukta av hav og sengetøyet på soverommet hos mormor.

Vi har knapt rukke å presentere oss før Helene Sandvig byrjar å mimre.

– Det lukta av rotne bananar og kveilar med mår frå spiskammerset. Leilegheita til mormor låg over butikken, som ho dreiv i underetasjen. Eg hugsar at ho kom med nøkkelknippet, og så fekk vi sleppe inn og få is. Eg har berre herlege minne frå Moltustranda, seier Helene.

I vaksen alder har ho vore tilbake mange gongar. Mora, Frøydis Sandvig (av Jacobsen-slekta), sin fødestad verkar forlokkande på heile familien.

– Den yngste og den mellomste broren min har kjøpt seg ein feriestad der, og der treff vi søskenbarn og alle lever lukkeleg, humrar Helene.

– Jentene mine på 9, 13 og 16 år, elskar det.

Om tvil, sorg og kjærleik

Denne gongen er det ikkje familie- og ferieidyll som fører Helene til Herøy. Det er det den nye boka hennar, «Et langsomt farvel» som gjer. Boka, som kjem for sal 1. oktober, vert eit av samtaleemna når forfattaren gjestar «Bok & Beat» på Fosnavåg konserthus, saman med tre andre forfattarar, laurdag. Dokumentaren handlar om korleis det var å leve med ein far med demens. Om å gå frå å vere herre i eige hus til å måtte flytte frå heimen og inn på ein institusjon og vere avhengig av hjelp frå andre. Om tvilen, sorga og kjærleiken.

– Boka byrja å vise seg inni meg allereie då han var sjuk. Det var så mykje vi burde ha prata om – som det var viktig å prate om. Men eg klarte det ikkje, seier Helene.

Ho har lang erfaring som helsejournalist, men då det kom til hennar eigen far, mista ho heilt piffen.

– Eg kjende ei sterk avmakt. Demens er ein vanskeleg sjukdom, som gjekk inn på personlegdomen til pappa. Han bringa aldri temaet opp sjølv. Han sa aldri «Helene, eg klarer ikkje å koke kaffien sjølv» eller «Eg forstår ikkje korleis eg skal bruke fjernkontrollen». Då var det veldig vanskeleg å skulle pirke oppi det med «sjukdom i hovudet», forklarer Helene.

– Eg luska rundt denne korga i to år.

Ho siktar til den i klesskapet heime, full av journalnotat etter farens død i 2015.

–Eg måtte ha litt avstand for å orke å ta tak i det. Og så måtte eg gå ei runde med søskena mine. Eg utleverer trass alt pappa i ein veldig sårbar fase i livet sitt. Han er ikkje her og kan seie om det er greitt eller ikkje, seier ho.

Difor har søskena reflektert mykje over kven faren deira var då han levde. Helge Uchermann Sandvig var journalist, og jobba mellom anna mange år i Aftenposten.

– Han brann for å gi ei røyst til dei som ikkje ropte så høgt, og han var veldig omgjengeleg, sosial og uredd. Sjølv om han sikkert hadde tenkt at det var tungt å lese om kor sjuk han var, så er det noko med å formidle ei viktig historie – bringe ho ut i offentlegheita og inn i lyset. Eg trur pappa hadde tenkt at denne historia er for viktig til at eg skulle tenkje på at han ikkje var den beste utgåva av seg sjølv, seier Helene.

- Mykje vi kunne ha gjort annleis

I boka utleverer forfattaren rett nok pappaen sin – men også seg sjølv. Mellom anna viser ho fram den halvferdige kladden ho skreiv då det var meininga at ho skulle klage til fylkeslegen. Den vart aldri sendt.

– Eg er veldig ærleg på alt eg kjem til kort med. Det er mykje vi kunne ha gjort annleis, seier ho.

– Mitt håp er at eg, ved å setje ord på kvalane, sorga og kjærleiken, kan gå opp ein sti for andre som hamnar i same situasjon. Og ikkje minst, ta dei viktige samtalane før det er for seint.

COVERET: «Et langsomt farvel» handlar om tida med faren, medan han hadde demens.