Axel Bjørklid, opphavleg frå Bergen, har nyleg sendt inn eit innspel til kystsoneplanen for Herøy kommune. Innspelet handlar om oppføring av sjøhytter og molo i Vikane på vestsida av Remøya. Saman med familien har han peika seg ut Sævika som ein plass dei vil busette seg. I tillegg har han ønskje om etablere ei mikroturismesatsing i havgapet på den aktuelle eigedommen.

Eigedommen det er snakk om er eit gamalt småbruk med eit eksisterande hus frå 1865. Bjørklid kjøpte plassen i 2013.

Hytter i vasskanten

Initiativtakaren sin visjon er å sette opp fire utleigehytter i vasskanten, der kvar er meint for fire personar. Det gamle huset som står der skal etter planen få eit tilbygg. I planen ligg det også inne oppføring av ei vedfyrt badstue og fem naust. Fire skal vere til sals for naboar og eitt skal huse småbåtar, kajakkar, syklar og ski.

Hjartet i sjølve planen ligg derimot ikkje i hyttene, men snarare i det faktum at Bjørklid ønskjer å bygge ut ein molo og småbåthamn med plass til ein stor seglbåt og åtte til ti småbåtar.

– Hamna vil kunne gi tilgang til sjø og båtliv til dei omliggande eigedommane, og vil vere eit utgangspunkt for padleturar, garnsetting, hummarfiske, badstue og bading, heiter det i planpresentasjonen.

I Herøy kommune sin arealplan er det ikkje vedtatt ei bygge-grense mot sjøen og vika der han ønskjer å bygge hamn. Der er ikkje regulert for naust og hamneformål. For å få til dette må delar av eigedommen regulerast, og Axel seier han er avhengig av at det kjem med i kommunen sitt planprogram. Utfordringane for reguleringsplanen er inngrep i 100 metersbeltet.

– Ikkje ei storsatsing

Det heile er altså snakk om busetting og ei næringslivssatsing basert rundt hav og sjøbaserte opplevingar. Eksempel på opplevingar som skal stå i fokus er kajakk, dykking, surfing, småbåt, segling, fiske og overnatting.

Initiativtakaren er sjølv ein aktiv person når det kjem til friluftsliv. I tillegg til å ha sigla Atlanteren på tvers har han også rodd Noreg på langs. Han vil likevel presisere at dette ikkje skal vere noko storsatsing.

– Eg vil ikkje at dette skal bli kjempestort, men heller eit mindre turisme-tilbod som forhåpentlegvis kan bygge på tradisjonane i havkulturen og vere ei lita vitamininnsprøyting i lokalsamfunnet på øya.

Sentralt for gode samarbeid

Eit sentralt punkt som Bjørklid trekker fram er den sentrale plasseringa blant fleire attraktive reiselivstilbod.

– Med nærleik til Skotholmen, havet, Runde og fantastiske fjell-landskap i kommunen og regionen rundt, er dette ein ideell plass for ei mikroturismesatsing, seier han.

Fylkesmannen stoppa prosjekt

No skal det vere sagt at dette ikkje er fyrste gong Axel har prøvt å satse i Sævika. I januar 2015 søkte han også om oppføring av hus og molo, men denne prosessen blei etter kvart stoppa av fylkesmannen. Sjølv etter å ha blitt behandla tre gongar i kommunestyret heldt fylkesmannen klaga ved lag og saka gjekk til endeleg avgjersle hjå settefylkesmannen i Sør-Trøndelag som avviste den delen av søknaden som omhandla huset på neset.

– Det er kjedeleg at forslaget møter so mykje motbør, men eg er førebudd på å bruke dei kanalane som eksisterer for å realisere draumen om å busette meg i Sævika- og gjere dette fantastiske området tilgjengeleg også for andre, seier han.