Vi sender BIL-LGFK direkte på nett!

Fredag kveld går kampen Bergsøy-LGFK direkte på vestlandsnytt.no

Bergsøy - Larsnes/Gursken: Frå eit tidlegare nabooppgjer, der Fredrik Muren og Robert Auflem Vik kjempa om ballen.   Foto: Arkiv

Nyhende

Dette vert den første direktesende fotballkampen for Vestlandsnytt sin del. Vår nye journalist Stian Langlo Driveklepp skal kommentere lokaloppgjeret, medan smp.no stiller med kamerafolk. Kampstart er klokka 18.30. Etter kampslutt vert kampen tilgjengeleg i opptak.

Kampen er open for våre betalande lesarar. Dei som har papiravisa, men som framleis ikkje har registrert brukar på eAvis/Pluss, bør ringe vår abonnementsavdeling i kontortid fredag for å få ordna det, om dei vil sjå kampen. Heilt nye abonnentar kan ordne det "direkte" på nett.

Vi satsar framover på fleire direktesendingar gjennom vår nettside. Til dømes vil handballkampar og andre større arrangement vere aktuelle.