Etablering av to NAV-kontor på Ytre Søre vil vere eit steg i rett retning. Men enda betre vil det vere å ta steget fullt ut.

Det slår NAV-direktør Stein Veland fast i eit felles brev til dei fem kommunane på Ytre Søre. Tema er etablering av meir robuste NAV-kontor, og NAV-direktøren skriv:

Når det no er oppe til avgjerd om Sande vil søkje vertskommunesamarbeid med Hareid, noko Ulstein allereie har gjort, så vurderer eg det som eit steg i rett retning. Når vi samtidig ser at Vanylven og Herøy skal vurdere ein tilsvarande modell, så er det eit steg i rett retning det òg.

Full samling det beste

NAV-direktøren legg likevel ikkje skjul på at slik han ser det vil eit felles NAV for alle fem kommunane vere den aller beste løysinga. Denne løysinga ber han kommunane om å vurdere, og Veland har i den samanhengen ei gulrot å freiste med.

Større einingar vil stå sterkare i søknader om prosjekt som til dømes fagutvikling, forsking og spesielle satsingar i etaten, understrekar Veland.

Høgaktuelt

Veland har tidlegare antyda at det vil vere gode moglegheiter for å få til ei slik satsing på Ytre Søre om det blir etablert eit samla fagmiljø for Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven. No går NAV-direktøren enda lenger og seier at ei slik eining vil vere høgaktuell for å dekke krava til robuste fagmiljø og der igjen tiltak i eigenregi.

Veland gjer det klart at ei todelt løysing, som kommunane no ser ut til å sikte imot, ikkje vil stiller særleg sterkt for tiltak som rettar seg mot robuste fagmiljø.

Også dei fleste tilsette

Veland håper dei fem kommunane kan vere med på ei full samling, og kjenner seg trygg på at han har majoriteten av dei tilsette i dei gjeldande NAV-kontora med seg på det.

To likeverdige kontor

Herøy kommune skal no undersøke moglegheitene for eit felles NAV-kontor på Ytre Søre med to lokasjonar. Det blei konklusjonen då Herøy, Ulstein og Vanylven nyleg hadde drøftingar rundt aktuelle NAV-modellar.

I møtereferatet, som er ført i pennen av Ulstein-rådmann Einar Vik Arset, heiter det at ved ei samordning er det mykje som tyder på at Ytre Søre får etablert ei såkalla IPS-avdeling med fem stillingar. IPS står for individuell praksisstøtte.

Herøy kommune føreset at det med ei slik samordning kan vere to NAV-kontor som blir oppfatta som likeverdige partar. Det eine på Hareid, det andre i Fosnavåg.

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad seier han har avklara at ei slik løysing med to lokasjonar ikkje vil vere noko problem for fylkesdirektøren å gå med på.

– Det viktige for Veland er at det blir ein felles leiar for alle fem, seier Kopperstad.

Det andre viktige spørsmålet er kven som skal vere vertskommune, og det mest naturlege vil vere at vertskommunen også har leiaren.

Tek gjerne diskusjonen

Bakgrunnen for den todelte løysinga er at det for Herøy ikkje er aktuelt å tømme NAV-kontoret i Fosnavåg og flytte dei tilsette til Hareid. Ein felles leiar stiller Herøy seg derimot positiv til.

Men Kopperstad gjer det klart at før ein startar diskusjonen om ei fellesløysing, vil Herøy ha på plass avtalen med Vanylven der Herøy er vertskommune.

– Det neste blir å drøfte ei full samling på Ytre Søre med plassering av vertskommunen og den felles leiaren. Den diskusjonen tek vi gjerne når den tid kjem, seier Kopperstad.