«Krafttaket» er ei årleg tevling i regi av Tussa Kraft. Opplegget er slik at ti kandidatar kjempar om 100.000 kroner. Det heile er nettbasert, der folk i perioden 12. - 28. september kan gå inn og stemme.

– Vi håpar på støttte, også frå bygdene rundt oss. I år er målet å samle inn pengar til ein ny gapahuk som skal setjast opp til våren, seier Sindre Slettestøl i trimgruppa til Gjerdsvika IL.

Det er ein del av opplegget at alle skal gjere ei god gjerning. I Gjerdsvika IL sitt tilfelle er det ein felles tur til fjells.

– Det er faktisk ikkje så lenge sidan vi sette opp ein gapahuk, og vi har fått veldig fine tilbakemeldingar på denne. Gapahuken vi no planlegg, blir heilt lik den som vart sett opp i 2016, opplyser Slettestøl.

Planen er at det innan 28. september vert arrangert ein tur til staden der den nye gapahuken kjem opp.

Folk som vil stemme kan gå inn på krafttaket.no og finne kven dei vil «gje kraft» til.

– Oppmodinga til alle turglade og andre folk der ute er dermed at dei kan hjelpe oss til å realisere dette nyaste friluftsprosjektet, heiter det frå den aktive trimgruppa til Gjerdsvika IL.