Spesialisten i allmennmedisin har 16 års erfaring som fastlege. No er herøydama frå Sande klar til å ta imot pasientar både ved Medi 3 Ulsteinvik og Medi3 Ålesund.

– Som allmennlege er eg svært oppteken av kvalitet i tilbodet, og eg strekkjer meg langt for den enkelte pasient. Verdiane til Mdi3 samsvarar difor med måten eg likar å jobbe på, seier Toftesund i ei pressemelding.

Ho held fram:

– Å kunne tilby kort ventetid, tryggheit, tillit, kvalitet og tett oppfølging av pasientar, kombinert med brei fagleg kompetanse, gjer behandligsforløpet meir effektivt for pasientane.

Toftesund omtalar det som inspirerande å vere ein del av fagmiljøet i Medi3. Ho skal også jobbe innan bedriftshelsetenesta og tilbodet til lokalt næringsliv.

Teige: Til glede for mange

Adm. dir. Jan Terje Teige i Medi3 seier i samband med nytilsettinga at selskapet heile vegen jobbar for å styrke tilbodet for befolkninga på Sunnmøre.

– Ingebjørg Alice Toftesund har akkurat den haldninga og innstillinga som vi er vane til å jobbe med i Medi3. Pasienten er alltid vårt fokus. Vi er sikre på at mange vil ha stor glede av hennar kompetanse og erfaring, seier Teige.

I fylgje pressemeldinga frå Medi3 er Toftesund godt igang med å setje seg inn i nye rutinar. Ho omtalar det som spennande og utviklande å jobbe i nye omgjevnader, med nye kollegaer og pasientar.

Medi3 er eitt landets største og leiande privatmedisinske senter. Selskapet har hovudkontor i Ålesund, med avdelingar i Ulsteinvik, Brattvåg, Oslo og Hobøl. Dei har 150 tilsette og omset årleg for rundt 200 mill. kr.