– Eg hadde fingeren på «send-knappen», og tenkte: «Guri meg, skal eg gjere det?». Så trykte eg, og håper at det ikkje gjekk. Men det gjorde det.

Birgit fortel om den gongen ho sat på Kjerringøya i 2017 og «kvinna seg opp» til å tore å vise fram det ho hadde skrive til eit forlag.

– Noko av det vi menneske fryktar mest i livet er å ikkje få kredit for at vi faktisk kan noko. Å møte verda kan vere tøft, seier ho.

Heldigvis responderte forlaget, Elefantus Forlag, med tilbakemelding om at boka var verd å gi ut.

– Dei gav med fagleg input, men utgivinga har eg stått for sjølv, seier Birgit.

Tok tid

Boka handlar om eit par tvilling-trolljenter, Gulla & Skrulla. Forteljinga er skrive på rim, og går over sju dagar på ei veke.

– Eg brukte tre år på å skrive boka. Det vart mykje Ctrl+Alt+Delete. Men plutseleg var den berre der, seier Birgit.

Fann illustratør via Facebook

Elefantus Forlag spurde Birgit om ho hadde ein illustratør.

– Det hadde eg ikkje, så eg spurde vennene mine på Facebook om dei visste om nokon som kunne teikne og illustrere ei barnebok. Ein god venn av meg i Bodø tipsa meg om å ta kontakt med systera hans, fortel Birgit.

Elin Holten i Sælbu viste seg å vere perfekt for jobben.

– Ho skjønte ideen med ein gong, og det gjekk ufatteleg kort tid før eg fekk ei skisse av desse ti år gamle tvillingtrolla. Det rare var at ho hadde drege ut essensen av dei allereie i første blyantteikning. Eg har ikkje korrigert henne ein einaste gong, skryt Birgit.

Til sals berre privat

Førebels har ikkje forfattaren turt å trykkje opp meir enn 250 eksemplar av boka. Men det private salet har eigentleg gått ganske bra.

– Så langt har eg selt om lag 100 stykk. Særleg overskot reknar ho elles ikkje med å få.

– Nei, det vert ikkje rare greiene, humrar ho:

– Eg sit kanskje igjen med 6000 kroner når salet er over. Men der et kjekt å prøve, og så kan det hende at det kjem meir. Eg har eit par prosjekt på lur.