– Per no har vi fire båtar som går i tokt langs kysten, seier skipper Rolf-Ørjan Høgset på båten «LIVE».

Vi treffer han og mannskapet – tre engelsktalande ungdomar på høvesvis 21 og 22 år – under ein middag på Madelynn Coffee i Fosnavåg. Dei er plukka ut mellom ei mengde søkjarar for å få vere med på det meiningsfylte oppdraget.

– Mannskapet på båtane våre er mellom 18 og 25 år, og kjem frå heile verda. Dei betalar reisa sjølve, og så får dei kost og losji på båten. Til gjengjeld ryddar dei minst fem dagar i veka, seier Høgset.

Som regel er ungdomane mannskap i fire veker kvar, men nokre blir lenger, sånn som Ian Grace (22) frå North Carolina i USA. Faktisk er dette hans andre tur til Fosnavåg.

– Eg var her med ein annan båt og eit anna mannskap for seks veker sidan. Vi rydda strender og gjekk tur i fjellet. Det var så vakkert! Faktisk er dette mi favoritthamn, og det er ikkje noko eg berre seier fordi eg er her, seier han.

Historia bak kvifor han tok med seg det nye mannskapet tilbake til Herøy, byrjar med eit tilfeldig møte på Oslo Lufthavn. Belinda Strand (Madelynn Coffee) fortel:

– Ian spela noko fantastisk på flygelet der. Vi byrja å prate, og han fortalde meg alt om «In the same boat». Eg nemnde kafeen vår og sa at vi gjerne ville gi dei eit godt måltid dersom dei stakk innom. Då viste det seg at han allereie visste om Fosnavåg!

– Eg elskar å segle, eg elskar Noreg, eg elskar å reise, og eg elskar denne maten, gliser Ian og gløttar ned på godsakene på fatet sitt.

Men det var ikkje først og fremst eventyrlysta som bringa han til den altoppslukande, frivillige jobben på den norske seglbåten.

– Eg er utdanna marinebiolog, så det gir meining å arbeide med ein organisasjon som jobbar med marine område og mikroplast. Eg har vore i Noreg i omtrent åtte veker no. Helst vil eg bli i eit år, seier han.

Engasjerte

Dei to jentene på andre sida av bordet har så vidt starta reisa langs den norske kysten.

– Vi kom i går, seier Ingrid Lindquist (21). Ho er frå Michigan i USA, men ættar frå Sverige.

– Eg var i Skandinavia som baby og har alltid hatt lyst til å kome tilbake, seier ho.

Men det var sjølvsagt ikkje utslagsgjevande for at ho bestemte seg for å bu på ein seglbåt og jobbe gratis i åtte veker.

– Eg er under utdanning og tek ein del fag som har med miljø og berekraft å gjere. I tillegg skriv eg. Heile konseptet med «In the same boat» var for utruleg til at eg kunne la vere å søkje om å bli med, seier ho.

Engelske Sherry Bridges (21) er utdanna marinefotograf og skribent.

– Eg brukte mesteparten av fjoråret til å drive prosjektarbeid innan plastforureining. Det er noko eg er lidenskapeleg oppteken av, så eg tenkte at eg ville kome og sjå kva eg fann her, seier ho.

Synet som møtte ho den første arbeidsdagen var både vakkert og grufullt på ein gong.

– Du trur det berre er litt søppel her og der, men på slutten av dagen er båten stappfull. Det er skammeleg, for Noreg er eigentleg slåande vakkert. Det er nesten ikkje til å tru, seier Ingrid, som håper å få tid til å drive eigne relevante skrive- og fotoprosjekt ved sida av strandryddinga.

(Saka held fram under videoen)

Under overflata

Laurdag føremiddag gjekk mannskapet i land på ein holme på utsida av Vattøya.

– Der låg nokre få brusflasker oppå graset, som det ville bli enkelt å plukke vekk. Men så, då vi trakka i sivet, høyrde vi knaselyden av hundrevis av flasker og boksar som har grodd ned i botnen gjennom mange år, seier Rolf-Ørjan.

Snart to år er gått sidan han «vakna».

– Før jobba eg med film og kommunikasjon i reklamebransjen. Så ein dag, på ei strand oppe i Lofoten, fann eg igjen ein del produkt som eg sjølv hadde laga reklame for. Då skjønte eg at det eg heldt på med var gale; eg hadde som jobb å få folk til å kjøpe ting dei eigentleg ikkje trengde – som berre vart til søppel. Det takla eg ikkje, fortel han.

Frå den augeblinken klarte ikkje Rolf-Ørjan tanken på å halde fram i sin gamle jobb.

– Vi har eit overforbruk av ting vi ikkje treng. Heile samfunnet vårt er bygt opp på ein forbrukskultur der vi skal selje meir og meir. Men viss veksten i økonomien stoppar opp, vil også velferda bli svekka. Så eigentleg er det politiske systemet vårt bygd opp på å skape søppel, seier han.

Det var denne tankegangen som førte til at Ørjan brukte alle pengane sine – som han eigentleg skulle bruke på hus – til å kjøpe seg ein seglbåt. Også dei to andre organisasjonsleiarane i In the same boat, Ørjan Møster og Trond Strandvoll, har ofra mykje for å etterleve visjonen om eit reinare hav.

– Børje selde garden sin, og Trond har snart gått to år utan løn. Mine eigne tap har passert 2,5 millionar kroner til no, seier Rolf-Ørjan.

– Mest frå fiskeri

I det siste har organisasjonen byrja å sortere og vege søppelet dei finn.

– No veit vi at opp mot 90 % av det (i vekt) er avfall frå fiskeverksemd og oppdrett. Då tenkjer eg at kanskje næringa burde ha hjelpt til med å rydde opp, for dei er no avhengige av eit reint hav. Men ingen vil erkjenne at avfallet er deira – dei seier det kjem frå utlandet. Det er overhovud ingen norske fiskarar som nokon gong har ville betale for den jobben vi gjer, seier Rolf-Ørjan.

Organisasjonen har fått litt økonomisk støtte frå miljødirektoratet, og ein god del frå Sparebankstiftelsen.

– I tillegg har vi fått mykje frå folk som berre vil hjelpe oss, seier skipperen.

Filmane er sett av ti millionar

In the same boat har laga fleire hundre filmar om arbeidet sitt, som til saman har hatt over ti millionar visingar på YouTube.

– Vi kan ikkje rydde vekk problemet med plast i havet. Men viss vi lagar ein film om det, og den vert sett av 100.000 menneske, så vil kanskje 100.000 menneske tenkje seg om før dei kastar frå seg noko neste gong, seier Rolf-Ørjan.