Vil ikkje ha fartshumpar i Tjørvåg

Planane om å etablere fartshumpar i Postvegen i Tjørvåg møter motstand frå dei som er tilknytte vegen.

postvegen: Oppsitjarane langs Postvegen i Tjørvåg protesterer mot planane om fartshumpar i vegen.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Bakgrunnen for protesten er at fartshumpane er planlagde i ein bakke, noko oppsitjarane fryktar vil skape vanskar for framkomsten på vinterstid.

Resultatet kan bli at den einaste vegen opp til bustadfeltet kan bli sperra av bilar som hamnar i grøfta på grunn av for lite fart når dei skal opp bakken.

Det blir vist til at brøytebilar og søppelbilar allereie har vanskar med å ta seg opp på vinterføre.

Samtlege oppsitjarar har skrive under på oppmodinga om å kansellere planane om fartshumpar.