Mezzoforte til Fosnavåg!

14. september skjer det i Fosnavåg konserthus: Mezzoforte kjem.

Mezzoforte spelar i Fosnavåg fredag 14. september.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Den Islandske supergruppa Mezzoforte er tilbake i Noreg for å feire sitt 40-års jubileum. Med sin instrumentale jazz/funk/fusion var dei det første islandske bandet som oppnådde internasjonal suksess. Dei er kjende som eit utruleg bra liveband, som imponerer stort med samspel, presisjon og soloprestasjonar. Bandet stiller knallsterkt med alle dei fire originalmedlemane, Fridrik Karlsson, Eythor Gunnarsson, Gulli Briem og Johann Asmundsson.