Kjærkoma bankgåve til Nova på Kvamsøya

– Dette er kjærkomne pengar som syter for at vi no kan skifte ut nordveggen.
Nyhende

Det seier leiar Randi Støylen i Kvamsøy sogelag etter at Sparebanken Møre har tildelt sogelaget 40.000 kroner i sponsormidlar.

– Pengane går til å skifte ut veggen på nordsida av Nova. Her har det utvikla seg store rotskader, så vi kan trygt konkludere med at pengane kjem godt med, seier Støylen.

Tildelinga fann stad under «open dag» på musèet som sogelaget arrangerte sist helg. Dermed fekk banksjefen, saman med dei andre gjestene, også sjå litt nærare på musèet med alt innhaldet, og sjølvsagt også den unike utstillinga med måleri etter Johannes Ristesund.

– Ein flott dag, med mange gjestande, og gåva som prikken over i-en, seier Randi Støylen.