Olaus-Jon Kopperstad tilrår Herøy kommunestyre å stille seg positive til å utvide vegprosjektet i Skarabakken. I saksframlegget sendt til formannskapet føreslår han at kommuneadministrasjonen går i dialog med Møre og Romsdal fylke, Statens vegvesen og entreprenør for å finne gode og rimelege løysingar som sikrar dei mjuke trafikantane.

Utviding av eksisterande prosjekt

I dialog med Statens vegvesen ser Herøy-kommune på mogelegheita til å utvide prosjektet i Skarabakken frå eksisterande prosjekt som er under bygging og fram til første bustadhus på venstre side i retning mot Fosnavåg. Kommunen vil måtte stå for kostnadane med utvidinga, men ynskjer å nytte Statens vegvesen si kontrakt med entreprenør. Kommunen vil måtte pårekne at det vert stilt ulike vilkår til ein slik avtale. Dette kan eksempelvis vere at ein ikkje kan gå utanfor ein viss prosentsats av kontraktssum, at tilleggsarbeidet vert tatt til slutt, at ein står for all risiko med omsyn til kostnadsauke og at det er Statens vegvesen som har byggherreansvaret.

– Tiltaket vert å finansiere med midlar som tidlegare er sett av til trafikktrygging, heiter det i framlegget.

Kommunen har vore i dialog med entreprenør, men har vore tydeleg på at oppdragsgivar vil måtte vere Statens vegvesen. Når det gjeld grunnerverv, vil kommunen måtte følgje opp dette.

– Ei utviding av prosjektet som vist i saksutgreiinga vil slik rådmannen ser det vere udelt positivt, heiter det vidare.

– Positivt

Ein som er begeistra over tilrådinga til rådmannen, er Bjarne Kvalsvik.

– Eg synest dette er eit positivt og viktig forslag frå rådmannen. Eg vil be dei folkevalde om at dei er løysingsorienterte i denne saka og stiller seg positive til dette framlegget, seier Kvalsvik.

Han meiner det er viktig at ein får gjort dette no så ein kan setje ein endeleg strek for prosjektet. Då vil ein sitte att med ein fullstendig og trygg veg, som no blir opna for å omfatte Morksvingen og fram til Hennabakken i Fosnavåg.