Faktisk har det vore over 6.500 gjestar på Feel It sidan starten i 2012. No er det snart duka for nye show, og billettar til Feel It dinnershow vert lagt ut for sal med det fyrste.

– Med grunnlag i spurnaden etter billettar så langt, kjenner vi oss trygge på at det vert godt sal også i år, seier representant frå Feel It - Harald Sætre i ei pressemelding.

– Vi har også vidareført forsøket frå i fjor med førehandstinging for grupper på fredagsshow, og det har vore godt teke i mot. Det er tydeleg at Feel It er eit arrangement ulike grupperingar ynskjer å oppleve saman.

Som tidlegare år, er det planlagt åtte dinnershow komande sesong. To helgar i november og to helgar i januar.

– Vi køyrer show fredag og laurdag alle dei fire helgane. På same vis som i fjor vert billettane lagt ut for sal på heimesida til Feel It.

– Vi har som mål å presentere eit nytt dinnershowet kvart år, med nytt repertoar og ny meny. Feel It skal framstå med stor breidde og tilby gjestane variasjon. Vi vil også vise at vi kan meistre ulike musikkstilar, seier Sætre.

Det er dermed stor sjanse for at alle får høyre noko dei likar.

Slik er det også med menyen; fire nye rettar skal om kort tid prøvekokast og prøvesmakast. I år er dei tre lokale Feel It kokkane, Erlend Sætre, Tormod Ekroll og Tor Egil Gulbrandsen, attende på kjøkenet. Dei har sett saman ein variert meny, med mange spanande ingrediensar. Frå havet kjem «Laks Tartar» og «Brosmesuppe», til hovudrett vert det «Heilsteikt kalvefilét», før det heile vert avslutta med «Bringebær med krydderrjome».

Feel It er eit samarbeidmellom Feel It gruppa, Landsbyhuset Breidablik og Gamlebanken Scene. Stor innsatsvilje frå lokalmiljøet og sponsorar vert framheva som faktorar som gjer det mogleg å få til.

– Alle som deltek er svært stolte over å kunne by gjestane til nok ein Feel It-sesong, og som alle sesongar før har vi stort fokus på at totalopplevinga skal verte best mogleg. Vi gled oss storleg, og vonar vi ser deg på show, seier arrangøren.