Av alle aktivitetane under aktivitetshelga i Herøy, var det utvilsamt byløpet som var den største magneten. Laurdag ettermiddag tetna det til i

Fosnavåg sentrum med sprekingar frå fjern og nær i alle aldrar.

Fyrst ut til å springe var barna. Det blei kvittert ut over 200 startnummer, og mange foreldre og barn sprang den vesle runda i sentrum.

Sprang opp på 14.38

Etter at barna og dei yngre ungdommane hadde sprunge, var det tid for dei litt meir vidarekomne til å springe frå sentrum og opp til Hornseten. Fyrst ut var mosjonsklassa, der over 80 stilte til start. Dei raskaste herrane i denne klassa var Daniel Jøsok Kvalsvik (16:10), Tommy Remøy (18:44) og Frank Sverre Kopperstad (19:54). Av damene i mosjonsklassa var det Nina Igesund (21:25) som var raskast, etterfylgt av Amy Sackville (23:15) og Elise Eiksund (24:40).

I eliteklassa ver det ikkje like mange deltakarar. Her stilte 23 til start. Raskaste mann opp var Ådne Andersen (14:38), med fjorårets vinnar Fredrik Hovdevik (16:08) bak. På tredjeplass kom Glenn Are Elveseter (16:50).

Blant damene i eliteklassa var det ikkje mange sekund som skilde fyrste-, andre- og tredjeplass. Birgitte Grongstad Kvalsvik (20:42) beit tennene saman og vart raskaste kvinne, opp etterfylgt av Maria Fylling Nærø (20:50) og Line Nevland (20:56).

Fleire aktivitetar

I tillegg til byløpet i Fosnavåg, kan vi nemne, dykking, kajakkpadling, rebusløp, utandørs trening, bumperballs, RIB-turar, skattejakt på Runde med meir.

– Alt i alt må vi seie at det var ei flott helg. Det var veldig kjekt å sjå kor populært byløpet var, og folkehavet som møtte opp på dagtid på laurdag. Dessutan var vi maks heldige med vêrforholda.

Det seier dagleg leiar i Explore Fosnavåg, Marvin Kopperstad. Den relativt nye reiselivsbedrifta var ein av hovudarrangørane bak det ferske konseptet.

Såg helst at påmeldinga var betre

Kopperstad seier likevel at han skulle ønskje der hadde vore meir deltaking på alle dei andre aktivitetane under arrangementet.

– Eg sit att med blanda kjensler. På den eine sida var det som sagt veldig fint å sjå kor bra byløpet blei, men på den andre, var der andre aktivitetar som ikkje var godt besøkte. For oss er dette sjølvsagt litt skuffande, forklarar han.

Marvin påpeikar elles at dette var fyrste gongen eit slikt konsept vart arrangert, og håper dette har hjelpt bedrifta og konseptet med å etablere seg endå meir. Såleis ser han ikkje på det litt labre oppmøtet på nokre aktivitetar som eit nederlag.

– Vi vil evaluere det heile, utover det må vi seie oss nøgde, seier Kopperstad.

Kopperstad og Henning Karlsen, også i Explore Fosnavåg, får elles skryt av Jan Erik Myrseth. Han og Intersport Fosnavåg er svært begeistra over etableringa av ei slik aktivitetshelg og det var også derfor dei ønskte og dei andre samarbeidsaktørane ønskte å bli med på arrangementet.

– Her etablerer vi eit konsept med potensial. At det ikkje var 100 prosent klaff frå dag éin er ikkje så viktig. Det viktige er at vi etablerer noko og skapar folkeliv. Eg trur dette kan bli svært bra, skryter han.