37 ungar sit i ein sirkel på golvet. I det ein sett seg ned, røyser to andre seg og byrjar å tulle. Når dei to har set seg igjen, har den fyrste reist seg att. Foreldra kjempar tappert med å få sine til å sitte i ro, men dei klarar eigentleg ikkje anna enn å smile til gjengen. For det er lov å vere litt spent og energisk på dagar som dette. Det er nemleg fyrste trening for den nye turn- og friidrettsgruppa til Bergsøy. I midten av sirkelen sit to foreldre, Jenny Harkjerr Schakenda og Birgitte Grongstad Kvalsvik, som slest om merksemda til barneflokken. Dei to er saman med Ruben Kvalsvik primus motorar for det nye initiativet for 5–8 åringar.

– Vi er tre foreldre som har hatt veldig lyst på eit slikt tilbod for våre barn, så då blei det slik. Vi startar opp so ser vi korleis det går, smiler Birgitte.

Kontrollert kaos?

Etter fem minutt med kontrollert kaos får dei unge foreldra gitt den nødvendige informasjonen og treninga kan byrje. Det blir annonsert at dei skal leike «Stiv heks», og med ein gong barna høyrer det, er det som om ein har kasta bensin på eit allereie godt brennande bål. Som ein hønseflokk i ein maisåker «flyg» ungane rundt i Herøyhallen. Nokon ropar i glede, nokon spring som det var blodig alvor, og nokre blir litt overvelda og må få litt trøyst frå foreldra som sit på tribunen og ser på. Etter ei real utblåsing av energi blir det rolegare og kontrollert på treninga, iallfall litt, men det er eit relativt omgrep i denne samanhengen. Barna blir delt inn i grupper, ei får prøve friidrett og den andre får jobbe med turnøvingar, halvvegs byter dei. På turnposten treff vi Sara (8) som syner korleis ho slår hjul. Vi spør om det ikkje er vanskeleg. Ho ser på oss og smiler.

– Hallo, det er no kjempelett å slå hjul da. Eg kan stå på hendene og gå i bru også, seier ho bøyer seg ned i bru, og stuper så baklengs kråke.

Begeistra over tilbodet

Ved sida av Sara står venninna Hilda (8). I likskap med Sara kan ho også slå hjul og stå i bru. Dei er begge interesserte i turn, og jentene er såleis veldig begeistra for det nye tilbodet.

– Eg er her fordi eg synest det er kjekt. Eg har eigentleg lyst til å fortsette når eg blir større også, smiler Hilda.

Dette er Sara også einig i.

– Eg vil gjerne gå på turn og friidrett vidare, fortel ho.

På posten ved sidan av treff vi Lucas på 6 år. Han har allereie ambisjonane klare.

– Eg vil lære meg parkour. Det er kjempetøft, for då kan eg hoppe rundt over alt, fortel han, men legg til at han forstår at det ligg mykje trening bak.

Enorm interesse

Det kan sjåa ut som resten av barneflokken også har stor interesse for initiativet.

– Det er kjempekjekt å sjå, men eg må innrømme vi blei litt overraska over den enorme interessa det er for dette, smiler Schakenda.

Dei kan elles opplyste at dei har 20 interesserte på venteliste.

Vil ha hjelp

Dei tre initiativtakarane vedkjenner at det kan bli vanskeleg å vere berre tre ansvarlege og vil gjerne ha hjelp frå andre foreldre. Det ser det også ut til kan verte mogleg då det på fyrste treninga var fleire føresette som stilte opp til teneste og sørga for ein vellukka start på det nye aktivitetstilbodet.