Vi angrar ikkje!

Dei to venninnene Bergliot Myrseth og Elsie Måløy frå Fosnavåg har trekt kvart sitt pledd over skuldrane, der dei sit på det opne dekket i den autentiske sunnmørsjekta. Smila deira er ikkje til å ta feil av.

– Eigentleg er eg sjøredd, men i dag er det så fint vêr, så det går bra. Det var Elsie som inviterte meg med, strålar Bergliot.

Faktisk var det Elsie si dotter som foreslo turen.

– Ho meinte at eg var så mykje inne, så ho sa eg måtte få med meg Bergliot og fare. Eg har aldri vore på Flåvær eller på Skorpa før, seier Elsie.

Det har heller ikkje Solrun Slettestøl frå Skredestranda.

– Av alle aktivitetane denne helga var det dette eg hadde mest lyst til, seier ho.

For Solrun var det løftet om å sjå den gamle handelsstaden som verka forlokkande.

– Eg har lenge hatt lyst til å kome nær Flåvær. Eg har høyrt om Varholmen sidan eg var lita, for eg kjende ei som vaks opp der; Ågot Aarvik. Ho var ei venninne av mora mi og døydde førre veke. Ågot var ei av ti barn som budde i eit av husa der borte. Skorpa er også interessant. Og så er det stas berre å få vere med denne båten, seier ho.

Labert oppmøte

Vi er ikkje mange om bord. Vestlandsnytt tel seks passasjerar i tillegg til dei fire i mannskapet. Eigentleg skulle det også ha gått ein tilsvarande tur fredag kveld. Men jektevennene (frivillig mannskap) møtte opp i solsteiken forgjeves. Ingen passasjerar dukka opp.

Dei påmelde denne laurdagsettermiddagen set elles tydeleg pris på valet om å bli med. Ikkje berre får dei vere med den spesielle båten på tur til to særeigne plassar – dei får også servert ein porsjon med lokalhistorisk kunnskap. Det syter Eileen Gjerde for ...

Historisk

– På sida her ser vi Flåvær. Det brukte å vere ein særs aktiv handelsstad, med både skule og postkontor. Han som eigde plassen i 1840-åra sa at her var få stadar å feste båtar, men etter kvart fekk dei opp bolkar. Under den store fiskebåttida kunne her vere så mykje som 1500 menneske på ein gong, seier Gjerde.

I dag er det etterkomarane etter Erling og Aslaug Torvholm som eig Flåvær.

– Dei passar på staden og held bygga ved like. No skal vi ut i Skorpesundet mellom Skorpa og Nerlandsøya ...

Vårfjøsen

Spisse, majestetiske fjelltoppar tronar over oss på kvar si side av sundet. Skipperen vert nysgjerrig på nokre mystiske holer nedst i nokre av dei. Men det er ikkje dei vi skal studere.

Omsider er vi framme ved målet, og motoren vert slått av.

Vårfjøsen. Det er berre ei lita veke sidan Rotary var her og dreiv vedlikehaldsarbeid. Snart skal dei gjere litt til.

– Vårfjøsen på Skorpa er den einaste plassen som vart brukt av motstandsfolk og agentar under heile krigen. Rett nok var det tre veker igjen av krigen då tyskarane fekk skikkeleg ferten av vårfjøsen..., informerer Gjerde.

– Frå 1940 til vinteren 1943 var det fiskebåtane som gjekk hit med agentar, og dei tok med seg motstandsfolk og flyktningar. Deretter tok dei amerikanske MTB-ane (motor- torpedobåtar) over. Det var nok bra, for det var mange som omkom under shetlandstrafikken med fiskebåtane, fortel Gjerde,

Ei av historiene frå Vårfjøsen handlar om etableringa av radiostasjonen i Oksavika.

– Det var hit brørne Snefjellå frå Mo i Rana, kom først (etter at dei hadde vore på Shetland). Utstyret dei hadde med seg skal ha vege tre tonn og vart lagt på land på Nerlandsøya, men brørne overnatta i Vårfjøsen.

– Erling Torvholm, som var den siste fastbuande på Flåvær, vart henta inn til jobben med å flytte brørne inn i Laupen, der radiostasjonen vart etablert først. Eg veit ikkje kor mange turar han var involvert i, men eg ser ikkje vekk frå at det var fleire, seier Gjerde.

Snefjellå-brørne måtte flytte frå Laupen til Oksavika, og då dei hadde vore der ei stund, overnatta dei igjen i vårfjøsen nokre døgn, før dei vart henta med båt og sende tilbake til Shetland.

– Elles var der ei veldig spesiell reise med fiskeskøyta « Bergholm», som opphavleg kom frå Måløy. Då den vart angripen av tyskarar og gjekk ned ved Trærna, vart fleire av mannskapet hardt skadde. Men dei kom hit til vårfjøsen og låg her i fem dagar før dei vart henta med båt og frakta tilbake til Shetland, fortel Gjerde.

– Eg veit ikkje om vi kjenner alle historiene her ute, det tvilar eg på, men det er klart at Vårfjøsen er ein viktig del av historia vår.

Vatnet under Anna Olava byrjar å bli grunt, og maskinisten er nøydd til å starte opp motoren. Dermed skiftar jekta kurs. Vi rekk akkurat ikkje tilbake til kaia før regnet gjer sin entré – men det ser ikkje ut til å plage passasjerane.

– Vi angrar ikkje, seier Bergliot og Elsie, og smiler breitt til mannskapet.