Nyleg vart det kjent at Vanylven kommune har sagt opp avtalen om PPT-samarbeid med Sande kommune. I tillegg innstilte eit samrøystes formannskap på at Sande skal gå inn i eit Nav-samarbeid med Hareid og Ulstein, der Nav-kontoret er lokalisert på Hareid.

Dessutan går Sande no inn i samtalar med Volda kommune om å vere med i eit «storbarnevern» i Volda, der også Ørsta, Hareid og Ulstein er med.

– Det er fleire som har stussa litt, Vaagen. Har Sande hamna i ein skvis mellom Herøy og Vanylven?

– Det vil eg ikkje seie. Vi samarbeider med desse kommunane på fleire område. Poenget er at vi heile vegen har vore opne om at utgangspunktet vårt er at vi søkjer samarbeid med alle dei fem – eller gjerne sju –kommunane i distriktet. Målsettinga er heile vegen å samarbeide der det er naturleg og best for brukarane, seier Vaagen.

Han legg til:

– Likevel har vi ved fleire høve ytra ønskje om at ein i sterkare grad kan vurdere Myrvåg som lokaliseringsstad, ikkje minst når det gjeld tenester som ikkje er reint publikumsretta. Eit godt døme er at vi som vertskommune gjekk med på at den samlokaliserte psykiatritenesta gjerne kan vere i Myrvåg. Personleg meiner eg også at Myrvåg kunne ha vore lokalisering også for til dømes IKT-basen for kommunane på søre.

Vaagen seier det i samband med kommune- og regionreforma er eit sterkt press på kommunane om å finne samarbeidsløysingar.

– Innanfor fleire fagfelt er det også forståeleg, ikkje minst der det er spesialistfunksjonar som set krav om at kompetansen vert samla i større einingar. Nav er eit døme på det siste, men også barnevern. Her har vi blitt pålagde å avvikle vårt eige kontor. Her går vi inn for samarbeid med Ulstein/Hareid, men det er ikkje slik at dei enkelte rådhusa ikkje kan nyttast. Får vi Nav-kontor på Hareid, er det likevel slik at vi vil kunne nytte rådhuset på Larsnes til møte med kundane.

– Så de er ikkje i ferd med å tøme Sande rådhus?

– På ingen måte. Her vil det framleis vere viktige funksjonar i og for kommunen.

Vaagen seier at den naturlege omlegginga til digitalisering også er ei medverkande årsak til at nye samarbeidsformer dukkar opp.

Når det gjeld PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) ser Vaagen føre seg at initiativet frå Søre om å samlokalisere kontoret med statlege Statped-stillingar, kopla opp mot høgskulemiljøet i Volda, kan bli ein realitet.

Barnevernet i Sande er også i endring, og det er eit anna felt der kommunen tenkjer regionalt, ikkje minst med tanke på at det er eit komplekst saksfelt der Sande har eit lite og sårbart miljø.

– Vi må posisjonere oss for å levere gode tenester til innbyggjarane. Det blir eigne vurderingar frå sak til sak. Men det er klart at det er litt utfordrande at ein gjennom denne prosessen ser alle einingane kvar for seg, og ikkje i ein heilskap. Slik har det blitt, seier ordføraren.

– I slike samanhengar kjem stundom dei mindre kommunane til kort, erkjenner Vaagen, vel vitande om at Sande er den minste av dei sju kommunane på Søre Sunnmøre.

– Har Sande planar om å bli med i fleire samarbeid?

– Vi registrerer at Herøy og Ulstein har drøftingar om samarbeid innan økonomi, og vi må nok gå inn i vurderingar også på det feltet. Men per i dag er det ikkje andre konkrete samarbeid på gang, seier Vaagen til Vestlandsnytt.

Han seier at Sande også registrerer samarbeidet Herøy og Vanylven har utført og har i emning innan servicekontor, planlegging og brannvern, men her har Sande i alle fall førebels valt å sitje på sidelinja.