Vi har enda ikkje motteke dokumentasjon på at de har rettar til å nytte dampskipskaia på Runde til opplag, eller har andre rettar som gjeld denne kaia.

Det skriv avdelingsleiar Fred Arnesen i det som blir sett på som det siste varslet om å fjerne den omstridde båten frå den offentlege kaia på Runde.

Stor irritasjon

Både grendelaget og andre har oppmoda kommunen om å øve påtrykk for å få fjerna både båten og utstyret som båteigaren har liggande lagra på kaia til mange sin store irritasjon..

Det nærmar seg no eit halvt år sidan eigarselskapet, ved Asbjørn Østensen Goksøyr, fekk den fyrste oppmodinga om å dokumentere bruksretten til kaia. To gongar har eigaren fått utsett fristen med å skaffe fram dokumentasjonen som kommunen ber om.

Gjeld ikkje lenger

I tilbakemeldinga frå eigaren blir det vist til eit 35 år gammalt vedtak der Runde hamnestyre gav løyve til å nytte kaia, med atterhald om at båten måtte gå frå kai når andre båtar har har lovleg ørend ved kaia. Men som Arnesen peikar på, vart dette vedtaket gjort om inkje av Herøy hamnestyre fem år seinare.

Då vedtok hamnestyret, i ei sak om skuleskipet Rundø, at allmenningskaia er til fri bruk for alle fartøy, til ei kvar tid, og kaia skal heller ikkje nyttast til lagringsplass eller til opplag av båtar.

I tillegg til at båten hindrar tilgangen til kaia, er det òg mange som fryktar at båten skal søkke og skape forureining i hamneområdet. Til den problemstillinga har eigaren gjennomført tiltak som skal hindre ei slik hending. Han har òg rydda ein del på kaia, og tek sikte på å fjerne det han framleis har liggande der.

Desse opplysningane seier kommunen seg nøgd med, men Arnesen kan ikkje sjå at noko av det andre som båteigaren har lagt fram er relevante til saka.

Kystverket neste

No får eigaren ein siste frist til 19. september med å ta kommunen sine oppmodingar til fylgje. Om ikkje det blir gjort vil kommunen sende saka over til Kystverket som er eigar av hamna. Arnesen gjer merksam på at om det skjer, vil staten kunne få båten fjerna for eigaren si rekning