Solid innsats kampen gjennom førte til tre kjærkomne poeng for heimelaget i den viktige 4.-divisjonskampen mot Sykkylven fredag kveld. Sigeren gjer at sandssokningane har ni poeng til dei to botnlaga når sju kampar står att i 4. divisjon.

Sjanserikt

Både Tor-Jørgen Kleppe med ei hedding utanfor, Leiv Sindre Muren med eit hardt skot i tverrliggjaren og Robert Vik med eit skot frå få meter burde sytt for ei klar leiing for heimelaget til pause.

LGFK hadde mykje ball, men gav bort fleire frispark som kunne vorte betre utnytta av Sykkylven med store Bengt Hole Alnes på topp.

Fem minutt før pause fekk heimelaget endeleg hol på byllen då Vik banka til midt i mål frå 16 meter. Dermed gjekk LGFK til pause med ei fortent 1–0-leiing.

Vik dobla

Same mann dobla leiinga fem minutt etter pause då han vart sendt åleine med keeper etter pasning frå John Oskar Hatlebrekke Rekdal. Angriparen, som seinare vart kåra til banens beste, kom igjen åleine mot mål midtvegs i 2. omgang, men sette denne gongen ballen like utanfor.

Dramatikk mot slutten

Spenninga steig då Jørn Olsen sende spiss Hole Alnes i bakken innanfor 16-meteren etter 80 minutt. Olsen fekk raudt kort, der munnbruk truleg var del av straffa, og må stå over mot Bergsøy i neste kamp. Alnes sette sjølv straffa i mål til redusering 1–2.

Nervane på sidelinja vart roa då Martin Haanes snappa ballen frå Sykkylven-forsvaret og åleine med keeper var sikkerheita sjølv sju minutt før slutt. Sjansen vart skapt etter hardt press frå Tor-Jørgen Kleppe.

Trass overtal, gjekk lufta ut av eit for dagen tafatt Sykkylven-lag, og kampen enda 3–1 til heimelaget. Motstanden vert nok større når LGFK gjestar Havila Stadion til nabooppgjer komande fredag.

- Heilt nydeleg

Dagens mann Robert Vik jobba som resten av LGFK-laget utrøytteleg kampen gjennom, og var naturleg nok godt fornøgd med tre poeng.

– Det var heilt nydeleg, seier han om både lagets innsats og sine to mål. Den gode forma tilskriv han elles hardtreninga på politihøgskulen.

Skuffa bortetrenar

Sykkylven-trenar Helge Halvorsen meiner eige lag tapte heilt fortent.

– Etter fem gode kampar var vi ikkje på i dag. LGFK var betre enn oss, og vi var heldige som ikkje låg under 0–3 ved pause, erkjenner han.