Det siste året har Herøy vasslag jobba fram planar for vassframføring til Bø, med Mørenett og Bø og Sande grendelag som nære samarbeidspartnarar.

Styret i Herøy vasslag gjorde nyleg vedtak om å starte utbygging på strekninga frå Torvik og fram til Arhaug der vatn må på plass for å få til ei vidare utviding av bustadfeltet. I bustadfeltet er det planlagt 20 nye tomter som kommunen har gjort budsjettmessige vedtak om å bygge ut.

Vasslaget inviterer no kommunen til å vere med på planane med mellom anna å for- skottere anleggsbidraget for dei 20 tomtene som er regulerte i det nye bustadfeltet.

God stemning i bygda

Styreleiar Per Arne Gjerdsbakk viser til at planane og kostnadene med prosjektet har vore presenterte på bygdemøte med grendelaget. Der var det god stemning og optimisme for at dette skal kunne realiserast, skriv Gjerdsbakk i oversendinga til kommunen.

Ifylgje Gjerdsbakk har grendelaget vore ein viktig pådrivar for utbygginga som no ser ut til å bli ein realitet.

Sikker og god vassforsyning til Bø og Sande er avgjerande for vidare utvikling i bygda og ikkje minst for det lenge etterlengta bustadfeltet. Mangelen på bustadtomter har resultert i nærast total stillstand i bustadbygginga på Bø. No står bygda sine eigne ungdomar i kø for å etablere seg når bustadfeltet står ferdig.

Kan ikkje belaste andre

Gjerdsbakk viser til at vasslaget ikkje kan belaste sine eksisterande abonnentar for kostnader med å skaffe fram vatn til Bø. Men gjennom samarbeidet med Mørenett, som har hast med å oppgradere leidningsnettet sitt til Bø, er det funne ei løysing som vil vere økonomisk overkomeleg for bygda.

Skal skaffe abonnentar

Grendelaget si rolle blir å få eit tilstrekkeleg antal av bygda sine eksisterande eigedomar med på samarbeidet slik at vassutbyggiga kan vidareførast fram til grendehuset og vidare til Sande. Grendelaget har gjort styrevedtak på å skaffe bindande avtalar med minimum seksti av dagens eigedomar i bygda.

Prisen desse må betale er 35.000 kroner, pluss eit andeldsinnskot på 10.000 kroner. For vasslaget sin del får utbygginga ein totalkostnad på vel fire millionar kroner.