Tvangstilknyting eiga sak

Sande kommune skil ut spørsmålet om tvungen vasstilknyting som eiga sak.

Sædalsvatnet: I første omgang vert dette felles kjelde for Gjerdsvika og Gursken.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Saka om framtidig vassforsyning til Gursken og Gjerdsvika har no gått gjennom formannskapet. Det er full semje om å gjennomføre ei stegvis utbygging. I første etappe, kostnadsrekna til vel 5,8 mill. kr, er det planen å byggje nytt behandlingsanlegg i Gjerdsvika, som også skal levere til Gursken.

Heile Gursken skal dermed få vatn frå Sædalsvatnet. Sæssvatnet skal koplast ut og blir krisevasskjelde for dei to krinsane.

Teknisk etat vil etter planen få tilført ei treårig prosjektstilling knytt til utbygginga, også det betalt over vassgebyret. Etter forslag frå Dag Vaagen (H) var det semje om at saka om rtvungen tilknyting kjem opp som ei eiga, separat sak.