Men kanskje har det noko med at det brått seier PANG i livet ditt, og so er du der, i hendene på staten og NAV.

Sikkert ei dårleg forklaring, men det er mi eiga. Det har vore mange rare tankar etter at eg vart pensjonist, og ein av dei er; Kvar har livet blitt av, er det berre eit lite pust i sivet?

Eg kom heldigvis på eit sitat av diktaren Arnljot Eggen; «Heile livet søkte han livsvegen – til han oppdaga at det var den han hadde gått».

Eit anna spørsmål er; Kva no, kva skal resten av livet brukast til? Må eg finne meg ein hobby, skal eg skrive ei dårleg krimbok som ingen vil gi ut, eller skal eg berre gi blaffen og la vegen bli til medan eg går?

Det siste alternativet freistar mest, og så fekk eg eit lite snev av angst når eg tenkte på gamlingane før meg. Det eg fryktar mest er at eg skal få «Kveldsnytt-syndromet». Det er eit syndrom som morfar hadde. Når vêrmannen hadde sagt siste ord etter Kveldsnytt, trykte morfar momentant på av-knappen, og gjekk og la seg.

Så stod han opp før fugl skeit på jord, og fekk med seg dei aller fyrste nyhenda på radioen. Resten av dagen kunne han sitje på troppa og benke spikar.

– Gode som nye, reklamerte han, og la dei sirleg i ei blekkboks. Eg trur ikkje han fekk bruk for dei, men redsla for at han SmalHans skulle kome, styrte livet hans.

SmalHans brukte å kome inn Breisundet, og han kom frå nordvest, slo morfar fast- mellom spikrane.

Eg er i ferd med å utvikle meg til ein bleik kopi av morfar, eg legg meg like etter Kveldsnytt, det uroar meg litt. Men eg benkar ikkje spikar, der går grensa. Eg trur heller ikkje at han SmalHans kjem frå nordvest, kjem han, så kjem han over fjella i silkedress. Men det er no litt av kvart å sysle med. Eg er tidlegare organisasjonsmann og eg brukar tid på å granske kva rettar eg har, utanom pensjonen. For når du er pensjonist, kjem du inn i ein ny kategori i samfunnet. Det var vi som bygde landet, berre så det er sagt- og skrive. Det er oss, politikarane skal stryke på kinnet i neste valkamp, og love gull og grøne skogar.

Alle lovar sjølvsagt å bere dei eldre på gullstol, berre dei får røysta di i valet. Slik har det vore i årevis, men ikkje alt er på stell. Når eg skal reise med ferja og har bil, får eg ikkje honnørbillett. Bilen er like dyr for pensjonistar som for andre, fy for ei skam. Eg vurderer å skrive eit sint lesarinnlegg om saka.

Kanskje må eg kalle på den nye samferdselsministeren, kjøtskjeraren Jon Georg Dale frå Dalsfjorden, ein flink kar forresten. Men eg kan velje mellom mange turar som eg må betale sjølv, det kjem brosjyrar heile tida; Pensjonist-bussturar, pensjonist-båtturar og pensjonist-sydenturar, pengane våre vil dei ha tak i. Eg veit ikkje kva som er så spesielt med slike turar, eg har ikkje tenkt å finne det ut heller.

Det finaste med å bli pensjonist er at ein kan vere kritisk til alt nytt som skjer. Det er ingen som bryr seg om kva du meiner, du blir berre plassert i kategorien «sur gamal mann».

Vi kan vere i mot kommunereforma, regionreforma, politireforma og EU, men det er ingen som løftar på hovudet ein gong. Den livsrøynsla du har, og som kan gjere deg i stand til å vurdere ulike spørsmål, er det ingen som har bruk for.

Det finaste med å vere pensjonist er at du kan leve ditt eige liv, og ingen vil reagere. Seier du noko dumt vil sikker folk kviskre: «No har han byrja å tape seg».

Eg ser i det store og heile lyst på pensjonisttilværet, eg må nok finne meg ein film på Netflix, som hindrar meg i å få Kveldsnytt-syndromet.

Korleis eg skal løyse situasjonen på ferjene med manglande honnør-billett, er under planlegging.

Den planen er av naturlege grunnar hemmeleg.

Ha ein ung fredag.