Demensaksjonen 2018:

Håpar folk bidreg igjen

Med slagordet «saman mot demens» håpar Nasjonalforeningen for folkehelsen at folk vil bidra til at vi ein vakker dag har gløymt demens.

Ytre Søre Sunn­mø­re demensforening: Jo­runn Johnsen (Her­øy), Kari Ris­te­sund (Sande), Be­rit Kvals­vik Solli (Her­øy), Ven­ke Olsen Knot­ten (Sande).  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

I vårt distrikt er det Ytre Søre Sunnmøre demensforening som går føre i kampen mot demens. Foreininga representerer dei fem kommunane Herøy, Sande, Ulstein, Hareid og Vanylven. Dei jobbar for å betre situasjonen for alle involverte når nokon blir råka av demens-sjukdomen, og arrangerer blant anna pårørandeskule.

Under årets demensaksjon frå 17. til 23. september får demensforeininga hjelp frå skuleelevar, idrettslag og andre helseforeiningar til å vere bøsseberarar. Bøsseberarane vil vere ute i bygdene for å samle inn pengar gjennom heile veka, og du kan kjenne dei igjen ved at dei går i raude vestar som er merka med same identifikasjonsnummer som bøssene.

– Vi håpar folk har lommebøkene klare og tek godt imot bøssebererane når dei kjem på dørene, seier damene i den lokale demensforeininga.

Skulle folk ikkje ha kontantar tilgjengeleg vil det og vere mogleg å støtte aksjonen gjennom SMS eller ved å sende eit valfritt beløp til 2216 på Vipps.

– Men pengar som blir betalt inn via Vipps eller SMS kjem på fylkets statistikk, og ikkje statistikken til Herøy eller Sande, difor ser vi gjerne at folk har kontantar, oppfordrar damene.

Ved demensaksjonen i fjor var Møre og Romsdal det fylket som samla inn mest, og kommunane på Søre Sunnmøre stod for ein betydeleg del av pengane som blei samla inn.

Kickstartar med konsert

Lokalt startar årets demensaksjon med ein konsert i Syvde kyrkje søndag 16. september. Her vil lokale kor stå for underhaldninga, og det heile vil vere gratis. Men sjølv om ei gratis konsertoppleving kan verke freistande oppfordrar damene folket til å ta med lommeboka.

– Det vil vere innsamling i kyrkja, og vi håpar at så mange som mogleg vil bidra allereie då, seier damene.

Avslutningsvis vil damene takke for støtta som lokalbefolkninga har kome med dei siste åra, og på førehand takke alle som vil bidra også i år. Dei har og ei oppfordring til dei som kan tenkje seg å hjelpe til.

– Vi har ikkje dekt alle bygdelag enda, so om det er nokon som kan tenkje seg å vere bøsseberar er det berre å ta kontakt med ei av oss i foreininga, seier damene.