– Alle sa ja. Det viser at det er stort engasjement og positivitet for at ting skjer i nærmiljøet, sa dagleg leiar Marvin Kopperstad i Explore Fosnavaag nyleg, i eit intervju med Vestlandsnytt.

Explore Fosnavaag har kome som eit friskt pust i nærmiljøet, med evne og vilje til å syne folk kva området her kan by på. Når det blir satsa på denne måten, gir det også ein smitteeffekt til den lokale handelsstanden og andre aktørar i nærområdet.

Resultatet blir etter alt å døme ei fin-fin helg med massevis av aktivitetar å velje i for små og store.

Fosnavåg Handelsforeining tende på ideen og er med på opplegget på fleire vis. Det er langopne butikkar, og i tillegg er det invitert med fleire til å skape liv og røre i kystbyen sine gater.

Fysiske aktivitetar av ymse slag på land er ein del av «pakken». Det same er rib-turar, guida kajakktur og ikkje minst eit eige opplegg med sunnmørsjekta «Anna Olava». Det siste gir endå større grunn til å applaudere. Det er akkurat slik den unike jekta kan og bør nyttast, turar i lokale farvatn, gjerne med historisk sus slik seglasen til Skorpesundet teiknar til å bli. Veldig bra.

Kjekt er det også å registrere at kultur- og faktaformidlarar som Runde Miljøsenter og Herøy Gard er aktivt med på akivitetshelga. På hotellet er det også ei rekkje spanande arrangement. Vi ser at utvalet av tilbydarar og arrangørar er stort. Noko av poenget med at fleire dreg lasset saman, er at totalproduktet blir bra for heile fellesskapen.

Folk bør avgjort kjenne si besøkelsestid denne helga. Blir det godt oppmøte og fine tilbameldingar kan det nemleg ligge an til fleire slike storsatsingar. Vi kryssar fingrane for godt ver og fine opplevingar. Det fortener nemleg eit slikt sprekt initiativ!