Henrik (8) si ivrige røyst strøymer ut gjennom høgtalaren på mamma Anette Valseth Kvalsvik sin telefon. Ho er turleiar i Barnas Turlag Herøy, og har sjølvsagt litt av kvart å fortelje om deira siste tur til Standalhytta i Ørsta (396 moh.). Men det beste er sjølvsagt å høyre frå barnemunn ...

– Det var mørkt ute då mannen kom. Eg og Magnus (broren, red. anm.) byrja å springe. Dei andre berre stod der og klarte ikkje å røre seg. Eigentleg var det ein mann som hadde gøymt hovudet i genseren, men eg veit ikkje kven det var for vi sprang no. Eg synest det kjekkaste på heile turen var å bli skremt, fortel Henrik.

Bakgrunnen for det vesle påfunnet var at ei mor ville samle barna for å fortelje skumle historier før sengetid laurdag kveld. Men ikkje før dei hadde ete kveldsmat.

– Det kjekkaste var å ete taco, meiner Mia (10).

– Var de med å lage den til?

– Nei.

– Det var det fedrane som gjorde, medan mødrene skravla og dekka bordet, smiler Anette.

Turar og leik

Totalt 53 personar, der 30 av dei var barn, var med på haustens overnattingstur.

– Den største «happeningen» var turen inn til Kvanndalen, med små parti der vi måtte klyve. Der var store mengder blåbær. Nokre fann også froskar, fortel Anette.

– Og då vi kom fram var det første ungane la merke til ein naturleg snøhole oppe på fjellet, seier turleiar Henriette R. Hansen.

Tilbake på hytta vart det laga til aktivitetar med blant anna skattejakt.

– Eg sa at det var gøymt ein skatt ein plass på hytta og at Henriette vakta den, seier Anette.

Dei fekk ein jobb med leitinga, for hytta har 17 rom (turlaget nytta 14 av dei).

– Den eine gruppa fann meg i ein etasjeseng, og den andre fann meg i dusjen, humrar Henriette.

Særs aktive

Dette var haustens andre tur med Barnas Turlag Herøy. Den førre var ein lågterskeltur til Uglesætra.

– Og i november skal vi på «juletur» på Heid, seier Henriette.

Ein treng ikkje melde seg inn i turistforeininga for å vere med det lokale laget på tur.

Treng fleire turleiarar

Med eit så aktivt lokallag, seier det seg sjølv at dei treng ein del turleiarar.

– Vi ønskjer oss gjerne fleire, seier Henriette.

– Einaste føresetnad er at du er glad i å gå på tur, seier Anette Valseth Kvalsvik.

Du finn meir informasjon om Barnas Turlag Herøy på deira Facebook-side.