Må sone i 60 dagar etter underslag

Ein butikkmedarbeidar frå Herøy er dømd til fengsel i 60 dagar for grovt underslag frå to butikkar ho arbeidde i.

  Foto: møre-nytt

Nyhende

Kvinna gav atterhaldslaus tilståing då ho møtte i Søre Sunnmøre tingrett denne veka. Ho vedgjekk å ha tileigna seg i overkant av 207.000 kroner. I skjerpande retning har retten lagt vekt på at kvinna i 1,5 år har misbrukt arbeidsgivaren si tillit med å ta pengar frå kasse, safe og post.