Kunst- og handtverkutstilling i Fosnavåg

Ti lokale kunstnarar og handverkarar stiller ut varene sine på Fosnavåg Brygge fredag og laurdag.

Eit lite ut­val: Noko av det du finn på sals­ut­stil­lin­ga på Fos­na­våg Brygge i hel­ga. 

Nyhende

– Når småutsala og galleria forsvinn, vert det mest nettsal, dessverre. Men på denne typen salsutstillingar, kan vi framleis få den gode samtalen mellom kjøpar og produsent, seier Edith Kvalsund, som er ein av helgas utstillarar.

Utstillarane:

Anita Kopperstad Remøy (måleri og skulptur, Powertex), Carmen Salvatierra Kvalsvik (tekstil, barneklede), Ira Ulvan (bilde og div.), Hildegunn Storvik (quilting), Inger Grete Storvik (quilting), Liv Bendal (quilting), Eli Vike Nerland (strikk), Lillian Øverlid Berge (måleri), Evelina Nickolaeva (bilde) og Edith Kvalsund (keramikk).

Får låne lokale

Utstillinga vert arrangert i samband med Aktivitetshelga i Fosnavåg 7. til 9. september. Ho vert halden i andre etasje på Fosnavåg Brygge.

– Det er butikkgruppa som låner oss lokalet når dei har forskjellige arrangement, seier Kvalsund.