Waves4Power satsar for fullt med ny policy, ny bøye og nye planar

Klare for eit nytt, billigare og lokalt kapittel

Det har vore litt stille frå det svenske bølgjekraftselskapet Waves4Power i det siste, men no er dei klare for å satse for fullt igjen ute i havgapet.
Nyhende

– Vi er her endå og vi har store planar. Etter at vår tidlegare konsernsjef, Ulf Lindelöf, gjekk av har vi jobba med å finne ein ny ståstad. Det har vi no og er klare for å ta fatt på eit nytt kapittel.