Leiargruppa i Havila Kystruten er på plass

– Særs nøgd med gruppa

Toppleiinga i Havila Kystruten er på plass. No er dei klare for å ta fatt på ei lang og spennande reise. Administrerande direktør, Arild Myrvoll seier dei har fått inn god kompetanse for vegen vidare.
Nyhende

– Det var på høg tid. Vi har to år fram til skipa skal vere leverte. Det kan verke lenge, men det er eigentleg knapt med tid. Det er mykje som skal på plass framover, fortel Arild Myrvoll i høve det at Havila Kystruten no har fått på plass toppleiinga.