«Slå av» stresset med mindfulness

Er du stressa? Stopp opp, vend fokuset innover og bli merksam på pusten og tankestraumen. Det lærte eg på stressmeistringskurset i Fosnavåg i helga.
Nyhende

Den største stressfaktoren vår er tankane våre. Hjernen skil ikkje mellom ei hendt hending og ei tenkt hending. Kroppen vil uansett gå i alarmberedskap, og det oppstår ein kjemisk reaksjon. Denne aktiverer nervesystemet vårt, slik at vi gjer oss klare til «kamp» eller «flukt».