Krev å få dekka sakskostnader

rettar: Fylkesmannen har stadfesta Sindre Løseth sine rettar til bruk av denne løa på Eggesbøjorda. 

Nyhende

Etter at Fylkesmannen har gitt Sindre Løseth medhald i ein klage på reguleringsplanen for Eggesbøjorda, krev advokat Christian Garmann at Herøy kommune dekkjer Løseth sine kostnader med saksføringa.

I tillegg til dekking av fulle sakskostnader blir det kravd 2500 kroner for dekking av kostnader advokaten har hatt med å svare på kommunen sine protestar.

Problemet i saka er ifylgje Garmann at kommunen feilaktig har gått ut ifrå at det ikkje var nødvendig å ta omsyn til Løseth sine rettar i samband med reguleringa. Desse rettane var knytta til bruk av ein garasje og ei løe på eigedomen.

Garmann har bistått Løset i saka heilt sidan 2015.