Tilbake til Sparebanken Møre

Etter eit opphald i Sparebank1 Søre Sunnmøre, er Margareth Leinebø tilbake i Sparebanken Møre.

TILBAKE: Margareth Leinebø er tilbake som finansiell rådgivar i Sparebanken Møre, Fosnavåg. 

Nyhende

Margareth Leinebø er kommen godt i gang som autorisert finansiell rådgiver hos Sparebanken Møre. Margaret kom i vår frå tilsvarande stilling hos Sparebank1 Søre Sunnmøre, og har blitt svært godt motteken av kundane.

For Margareth kjennes dette som å komme heim. - Det var i Sparebanken Møre eg starta bankkarriera mi, ein sommarjobb i ei kasse i Fosnavåg. Eg var i banken i 2-3 år før eg for tilbake til skulevesenet. Etter om lag fem år i skulen vart eg lokka tilbake til bank igjen, då som kunderådgjevar i SpareBank1 Søre Sunnmøre. Her vart eg autorisert finansiell rådgjevar i 2011.

Margaret fortel ho alltid har følt ei dragning tilbake til Sparebanken Møre.

– No er eg altså tilbake der eg starta, noko eg er veldig glad for. Både kollegaer og kundar har teke svært godt i mot meg, og eg ser fram til å hjelpe kundane med gode val for eigen personleg økonomi, seier Margareth.

Banksjef Per Ronald Knutsen er svært fornøgd med å ha fått Margareth med på laget her i Fosnavåg, ho er ei lokal og dyktig bankdame med stort engasjement og nettverk. Ho brenn for dei same verdiane som Sparebanken Møre har, at vi skal vere med å utvikle Herøy til ein enda betre plass å bu og virke i. Får vil til det vil også ungdommen velge å kome tilbake til kommunen vår etter endt utdanning.