Stemninga stod i taket på Kulturhuset

Det var heller labert oppmøte på ungdomsmessa på dagtid, men då konsertane starta på kvelden, strøymde ungdomen til kulturhuset og stemninga stod i taket på UNGfestivalen 2018.
Nyhende

UNGfestivalen 2018 hadde som nytt av året at dei utvida arrangementet til å vare heile dagen, i motsetning til tidlegare år då den for det meste har vore eit konsertarrangement på kveldstid. Kanskje var det akkurat dette som gjorde at det ikkje vart storinnrykk av ungdommar på kulturhuset på dagtid på laurdag. Likevel skal det seiast at nokre tok turen innom for å besøke bedriftene og organisasjonane som hadde stand, og også for å krasje med dei etter kvart velkjente bumperballane til Herøy LAN.