Sikra arbeid over vinteren

Heile flåten til Rem Offshore er sikra arbeid ut året.

Over Vinteren: Rem Mira er sikra arbeid over vintersesongen saman med Rem Cetus og Rem Insula. 

Nyhende

Apache Corp har forlenga kontraktane for tre av Rem Offshore sine supplyskip med seks månader kvar. Både Rem Mira, Rem Cetus og Rem Insula har dermed arbeid gjennom den kritsike vintersesongen.

Adm. dir. Fredrik Remøy er godt fornøgd med den nye avtalen med Apache.

– Denne forlenginga viser at vi har ein dyktig organisasjon som leverer etter kundane sine forventingar, seier han.

– Vi har no full kontraktsdekning ut året, samt ein båt som går inn på ein treårskontrakt i oktober, legg Remøy til.

Rem Offshore sin flåte tel i dag fire supplyskip og to subseafartøy.