Mystiske murar på Sandsøya

Dimensjonane er store, opphavet ukjent.

historisk sus: Murane står oppe i høgda på grensa til utmarka på garden Kinna, nokre hundre meter vest- og ovanfor Sande kyrkje. (arkivfoto)  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Sandsøy og Voksa grendelag har vendt seg til fylkeskommunen i håp om få meir informasjon om nokre gamle murar litt oppe i fjellsida på sørsida av Sandsøya.

Leiar for grendelaget, Ingrid B. Voksøy, skriv til fylkeskommunen at dei har fått førespurnader om saka.

– Vi har eit bygg og nokre murar på sørsida av øya som ingen, verken yngre eller eldre veit kva er, eller har vore, skriv Voksøy.

Ho lurer på korleis ein går fram for å få sjekka ut bakgrunnen for dei mystiske murane.

I eit svarbrev skriv rådgjevar Arve Eiken Nytin i kulturavdelinga at dei ynskjer å sjå på murane i samband med ein tur utover. Dei ynskjer å få tilsendt kart og bilde på førehand.

Vestlandsnytt skreiv om murane for nokre år tilbake. Vi snakka også med eldre folk i området som alle kunne stadfeste at bygget i nyare tid vart nytta til vårfjøs. Noko meir var det ingen som visste om bygget, som har svært store dimensjonar som særpreg.

Det har vore spekulert i om bygget har vore nytta i ein eller annan religiøs samanheng, sidan det ligg i same grenda som mellomalderkyrkjegarden og Sande kyrkje.