Mørenett vedgår merkingsfeil

Mørenett har vedgått at ein straumførande sjøkabel i Makrellvågen ved Dragsund vart straumsett utan merking.

SEIN MERKING: Sjøkabelen over Makrellvågen blei ikkje merka før fleire år etter at den blei utlagt og straumsett.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Nettselskapet beklagar òg at det tok lang tid før merkinga kom på plass. Den aktuelle sjøkabelen vart utlagt og straumsett i 2012 med føremål å auke straumforsyninga i samband med etablering av mellom anna fritidsbustader i området.

Tiltaket blei meldt til kommunen, som ikkje hadde merknader, men ifylgje avdelings- leiar Fred Arnesen burde Mørenett ha vore kjend med reglane som gjeld for merking.

Fyrst i 2015 blei kommunen gjort merksam på den umerkte kabelen då den blei oppdaga av ein fritidsbåteigar i samband med oppankring.