Klar tale frå rådmann Kopperstad:

Må spare framfor å bruke

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad legg opp til nye innsparingsdiskusjonar når ein ny budsjetthaust no står for døra.

MÅ SPARE MEIR: Rådmann Olaus-Jon Kopperstad er klar på at kommunen heller må kutte kostnader enn å bruke sparepengar til å utlikne skilnaden mellom utgifter og inntekter. 

Nyhende

Kommunestyret har sagt at samanlikningstala med andre kommunar må takast med i vurderinga av innsparingstiltak i Herøy kommune. Sagt på ein annan måte signaliserte kommunestyret at sektorar som driv dyrt må ta ein større andel av kutta enn dei som driv etter måten billeg.