BYGGtorget Herøy har opna avdeling på Fosnavåg Brygge

Inviterer til opningsfest

Fem kjøken, to bad, eitt vaskerom og eit entrèmøbel har fått plass i den nye, bemanna utstillinga på Bryggen.Torsdag kan du kome på opningsfest.

Der er ein del som vil ha trestruktur også, gjerne kombinert med glatte flater

Nyhende

BYGGtorget Herøy har selt kjøken, garderobe og baderomsinnreiing i fleire år, men det har ikkje vore skikkeleg tydeleg før no.

– Vi hadde ikkje plass til ei utstilling av denne storleiken i butikken på Mjølstaneset, så tidlegare har vi hatt ei lita utstilling der, og ei ubemanna ei på Fosnavåg Brygge. No har vi fått samla heile avdelinga her, seier leiar for kjøkenavdelinga, Merete Kvalsund, som har jobba med kjøken i 20 år.

I samband med nyopninga har BYGGtorget Herøy også tilsett interiørdesignar Amalie Storøy.

Opningsfesten

Fyrstkomande torsdag inviterer dei til opningsfest i butikken.

– Då vert det masse gode tilbod, konkurransar, kake, kaffi og nokre andre gode smakebitar, seier Amalie.

I tillegg får butikken besøk av representantar frå nokre av leverandørane sine: Sigdal kjøkken, Rival (skyvedørs- garderobar), Miele (kvitevarer), og Gautvik Steinindustri (benkeplater).

– Då kan ein få litt ekstra god hjelp, smiler Amalie.

Trendar

Alt i utstillinga er plukka ut av Sigdal sine mest populære modellar. Utvalet representerer dei fleste stilar, frå klassisk til moderne.

– Vi har plukka ut det vi har mest trua på, seier Amalie.

For kjøkenkonsulentane er det elles tydeleg kva som er mest populært.

– Der er framleis nokre som berre skal ha kvitt, men dei fleste vil ha fargar. Det går mykje i grått og svart, men også blå og grøne tonar, seier Amalie.

– Og dei fleste vil ha glatte flater, skyt Merete inn.

– Men der også er ein del som vil ha trestruktur, gjerne kombinert med glatte flater, seier Amalie.

Det kan til dømes vere at ein vil ha trestruktur på kjøkenskapa og glatt benkeplate eller omvendt.