Etter ein uvanleg sommar med tørke og deretter masse regn:

Gardbrukarane på øyane manglar ikkje fôr

I store delar av landet – også i vårt fylke – vert det meldt om reduserte avlingar etter tørken tidlegare i sommar. Men ute på øyane har bøndene greidd seg bra.
Nyhende

– Det er ikkje noko krise. Faktisk er det ikkje langt unna eit normalår, seier Alfred Ristesund.