Arbeidsløysa i Herøy på veg ned

Det vart 33 færre arbeidslause i Herøy i løpet av august.

NAV: Sjølv om arbeidsløysa går ned, er det relativt høg arbeidsløyse på Ytre Søre likevel. 

Nyhende

Tala frå Nav syner at det no er 4,2 prosent arbeidsløyse i Herøy. Av dei 193 heilt arbeidsledige er det 109 menn og 84 kvinner. Siste året har det blitt 24 færre arbeidsledige i Herøy samanlikna med august for eit år tilbake.

Ulstein passerte Herøy i arbeidsløyse i august. Der vart det 26 fleire utan arbeid i august, men likevel er det i dag 49 færre utan arbeid i Ulstein enn for eitt år tilbake. Arbeidsløysa i Ulstein er no 4,7 prosent.

Det er likevel noko under nabo Hareid, der det er temmeleg stabil arbeidsløyse, no på 5,4 prosent. Det er mellom dei høgaste i landsdelen.

Tala elles fortel om 3,3 prosent arbeidsløyse i Sande. Av dei 40 arbeidslause er det 22 menn og 18 kvinner. Arbeidsløysa i Sande har gått noko ned.

Vanylven kan framleis skilte med låg arbeidsølyse. 1,6 prosent er heilt arbeidslause, fordelt på 13 menn og 12 kvinner,

Møre og Romsdal under eitt har 2,5 prosent arbeidsløyse for tida. Det vart 178 færre utan arbeid i august. I løpet av det siste året har talet på arbeidslause gått ned med 456, så utviklinga går rette vegen.